4MGL5SA101 Samfunnsfag 1 5-10

Alle versjoner:
4MGL5SA101 (2024—2025)
4MGL5SA101 (2023—2024)
4MGL5SA101 (2022—2023)
4MGL5SA101 (2021—2022)
4MGL5SA101 (2020—2021)
4MGL5SA101 (2019—2020)

Emnekode: 4MGL5SA101

Emnenavn: Samfunnsfag 1 5-10

Undervisningssemester: Høst

Steder: Oslo

Studieår: 2021–2022

Undervisningsspråk: Norsk

Studiepoeng: 30 poeng

Enkeltemne: Nei

Forkunnskapskrav

Sjå programplan

Relevans i studieprogrammet

Valfritt relevant emne i grunnskolelærarutdanninga 5.-10. trinn. Obligatorisk for studentar som skal ta master - samfunnsfag i grunnskolelærarutdanninga.

Emnet kan takast som einskildemne

Innledning

Studiet skal førebu studentane på å undervisa i samfunnsfag i grunnskulen. Dette krev både fagleg og fagdidaktisk innsikt. Studiet legg vekt på at studentane skal kunna orientera seg i fortid, notid og framtid, i tillegg til det lokale, nasjonale og globale perspektiv. Dei skal øva seg i å reflektera og argumentera, og på den måten fremja haldningar, verdiar og gjennomtenkte synsmåtar. Målet er å danna kritiske, initiativrike og ansvarlege lærarkandidatar, som kan gå inn som aktive deltakarar i skule og samfunn. Gjennom ulike læringsstrategiar skal studenten øva opp kompetanse i å utforska, skapa, samhandla og leia læringsprosessar som introduserer elevane for samfunnsvitskaplege tenkjemåtar, og fremjar elevane si interesse for faget.

Tilnærmingsmåten er brei, og inkluderer både geografiske, historiske og samfunnsvitskaplege perspektiv; perspektiv som både utfyller og kompletterer kvarandre. Medan geografifaget er oppteke av den romlege dimensjonen, av korleis naturen blir brukt og misbrukt, har historiefaget blikket vend mot fortida – mot ulike epokar og viktige hendingar i Noregs- og verdshistoria – med vekt på kjeldearbeid, ulike forklaringstypar og historiebruk. Korleis menneske skaper og blir ein del av ulike samhandlingsmønster, ofte med ulik fordeling av makt og ressursar, er sentrale moment i den notidsorienterte samfunnskunnskapen. Den rører også ved vilkåra for demokrati, medborgarskap og tilhøyrsle.

Læringsutbytte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om samfunnsfaglig og -didaktisk teori, metode og forsking
  • har kunnskap om menneskerettar, medborgarskap og demokrati
  • har kunnskap om samane som urfolk, om dei nasjonale minoritetane og om kulturelt mangfald i Noreg
  • har kunnskap om geografisk grunnomgrep
  • har kunnskap om samspelet mellom menneske og natur med vekt på ressursfordeling, klima, miljø, teknologi og berekraftig utvikling
  • har kunnskap om samspelet mellom demografiske tilhøve og global fordeling
  • har kunnskap om sosialisering, identitetsdanning og ulikskap i eit samfunnsfagleg perspektiv
  • har kunnskap om kjeldekritiske og andre samfunnsfaglege problemstillingar knytt til elevane sin digitale kvardag
  • har kunnskap om ideologiar, makt, politikk, politiske parti og styringsformer
  • har kunnskap om konfliktar og samarbeid i geografisk og historisk perspektiv

Ferdigheter

Studenten

  • kan leie læringsprosessar med særleg vekt på å vidareutvikle grunnleggande ferdigheiter og kompetansar og sikre progresjon i opplæringa
  • kan arbeide med verdiar og haldningar i samfunnsfag, stimulere til undring om og respekt for mangfald og bruke dette som ressurs i arbeidet med elevane
  • kan søkje, vurdere og tolke ulike typar kjelder og legge til rette for gode læringsprosessar kring kjeldebruk
  • kan reflektere over ulike dimensjonar ved demokratiomgrepet og legge til rette for demokratisk praksis i skulen
  • kan planlegge, leie og vurdere læringsarbeidet og gi læringsretta tilbakemeldingar til elevane, tilpassa deira ulike føresetnader og behov

Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektere sjølvstendig og kritisk over samfunnsfaglege spørsmål
  • har overblikk over periodar og utviklingsmønster og kan gjere greie for korleis historie og kultur blir til

Innhold

Presentasjon av emnet

For å fremja eit integrert perspektiv, er det valt ei tematisk tilnærming forankra i seks ulike emne:

Introduksjon: Samfunnsfaglæraren (1)

Vegen til det moderne samfunnet (2)

Globale konfliktar og globalt samspel (3)

Individ, kultur og samfunn (4)

Norge - eit land i verda (5)

Kva er det gode samfunnet? Ideologi, politikk og demokrati (6)

«Introduksjon: Samfunnsfaglæraren» (1) gjev ei innføring i samfunnsfaglege og samfunnsfagdidaktiske teoriar, metodar og grunnomgrep.

«Vegen til det moderne samfunnet» (2) skal gje overblikk over verdshistoriske epokar og samfunnsendringar fram mot moderne tid, og introdusera arbeid med historiske kjelder.

«Globale konfliktar og globalt samspel» (3) skal gje kunnskap om konfliktar og samarbeid i eit geografisk og historisk perspektiv, og gje kunnskap om samspelet mellom menneske og natur, mellom befolkning, mobilitet og globalisering.

«Individ, kultur og samfunn» (4) set fokus på sosialisering, identitetsdanning og ulikskap, og problemstillingar knytt til elevane sin digitale kvardag. Dette emnet vil gje innsikt i samane si historie som urfolk, nasjonale minoritetar, og det fleirkulturelle Noreg.

«Noreg - eit land i verda» (5) gjev eit riss av samfunnsendringane frå vikingtida fram mot dagens velferdssamfunn, med introduksjon av lærebokanalyse og nasjonale forteljingar.

«Kva er det gode samfunnet? Ideologi, politikk og demokrati» (6) skal gje kunnskap om ideologiar, makt, politiske system, demokrati og menneskerettar, og la studentane reflektera over ulike dimensjonar ved demokratiomgrepet i teori og praksis. I arbeids- og undervisningsformene vert det lagt vekt på grunnleggjande ferdigheiter, tilpassa opplæring og vurdering av læringsarbeidet.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert organisert i seminar og førelesningar, gruppearbeid, førebudde studentinnlegg, praksis, ekskursjon, sjølvstudium og rettleiing på tekst.

Arbeidsomfang

Arbeidsmengde for student: ca 900 timar

Arbeidskrav

Deltaking i all undervisning er obligatorisk (minst 80 % frammøte)

2 Fagtekstar

3 Definisjonsoppgåver/leserapportar

2 Munnlege presentasjonar

Breiddetest

Praksisoppgåve/fagdidaktisk tekst med fokus på 5.-10. trinn

4-6 Nettsamtalar

Vurdering av medstudents tekst

Nærare opplysningar om arbeidskravas innhald og tidspunkt for gjennomføring vert gjeven i årsplanen for faget ved studiestart.

Alle obligatoriske arbeidskrav må vera godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

Vurderingsuttrykk arbeidskrav

Godkjend / Ikkje godkjend. Individuell vurdering.

Avsluttende vurdering

  • Munnleg eksamen, tel 50% av karakteren
  • 3 dagars heimeeksamen (2500-3000 ord), tel 50 % av karakteren

Tillatte hjelpemidler

Heimeeksamen: Alle

Vurderingsuttrykk avsluttende vurdering

Det vert gitt gradert karakter fra A- F, der F er ikkje greidd.

Eksamensspråk

Norsk.

Andre språk kan godkjennast etter søknad

Progresjonskrav

Emnet Samfunnsfag 1 må vera greidd før studenten kan starta på Samfunnsfag 2.

Praksis

Sjå eigen praksisplan for grunnskolelærarutdanninga.

Evaluering av emnet

Det vil bli føretatt emneevaluering i høve til kvalitetssystemet for NLA Høgskolen.

Studenten kan også gje tilbakemelding på emnet i faggruppa/klassen.

Tilbys som enkeltemne

Nei

Litteratur og faglige ressurser

Mindre endringer kan forekomme.

Almlid, G.K. og Reitan, J. (2020). Historie og demokrati | "Kapittel 9: 22. juli og terrorens etterliv". (171-188). Fagbokforlaget. (18 sider)

Andersen, H. P. (2015). En ulik verden - sammenligninger i geografiundervisningen. I R. Mikkelsen & P. J. Sætre (Red.). Geografididaktikk for klasserommet (3. utg., s. 69-93). Høyskoleforlaget. (25 sider)

Andersen, H. P. (2018). Utforsking uten klare svar. I T. A. Fiskum, D. Gulaker & H. P. Andersen (Red.). Den engasjerte eleven: Undrende, utforskende og aktiviserende undervisning i skolen (s. 229-248). Cappelen Damm akademisk. https://doi.org/10.23865/noasp.35  (20 sider)

Balsvik, R. R. (2010). Det 20. århundrets historie - et globalt perspektiv (s. 13-43,s. 71-194, 300-310). Cappelen akademisk. (166 sider)

Bilton, T., Bonnett, K., Jones, P., Skinner, D., Stanworth, M. & Webster, A. (2002). Living in Modernity. I Introductory Sociology (4. utg., s. 22-42). Macmillan. (20 sider)

Birkelund, G. E. & Petersen, T. (2016). Likestilling. Utdanning, politikk og arbeid. I I. Frønes & L. Kjølsrud. (Red.). Det norske samfunn bd. 2 (7. utg., s. 190-210). Gyldendal akademisk. (21 sider)

Bjarnø, V. (2017). DidIKTikk : Fra digital kompetanse til praktisk undervisning (3. utg. s. 151 - 163; 201 - 213). Fagbokforlaget (26 sider)

Breivega, K.M.R og Ragnes, T.E. (2019). Demokratisk danning i skolen:Tverrfaglige empiriske studier. (s. 51-71; 72-93; 153-167)Universitetsforlaget. https://doi.org/10.18261/9788215031637-2019 (58 sider)

Carrlson, U. (2016). Medie- och informationskunnighet, demokrati och yttrandefrihet. I O. Westlund (Red.), Människorna, medierna, marknaden: Medieutredningens forskningsantologi om en demokrati i förändring. (s. 487 - 514). Wolters Kluwer (28 sider)

Christophersen, J. (2014). Utforskaren: Samfunnsvitskaplege metodar. I K. Børhaug, J. Christophersen & T. Aarre. Introduksjon til samfunnskunnskap: Fagstoff og didaktikk (3. utg., s. 36–66). Det norske samlaget. (31 sider) 

De Sousa, F. og I. Rasmussen, (2019), Productive Disciplinary Engagement and Videogames A Teacher’s Educational Design to Engage Students with Ethical Theories in Citizenship Education. Nordic Journal of Digital Literacy. 14 (03-04), s. 99-116. https://doi.org/10.18261/issn.1891-943x-2019-03-04-02 (18 sider)

Eidsvik, E., Kolstad, E. W., Nielsen, P. R. & V. Vågenes. (2019). Verda og vi (s. 24- 43; 148 - 307). Det norske samlaget. (180 sider)

Eriksen, T. L. (2010). På vei mot industrisamfunnet. I Globalhistorie 1750-1900 (s. 27-64).

Eriksen, T. L. (2013). Globalhistorie og utviklingsstudier. I T. L. Eriksen & K. B. Feldberg (Red.) Utvikling: En innføring i utviklingsstudier (s. 37-60). Cappelen Damm akademisk. (24 sider)

Garcia-Godos, J. & Stokke, K. (2017). Naturressurser: utvinning, utvikling og konflikt. I D. Jordhus-Lier & K. Stokke (Red.), Samfunnsgeografi: En innføring (s. 135-151). Cappelen Damm akademisk. DOI 10.23865/noasp.14.45 (17 sider)

Hanssen, G. S., Helgesen, M. K. & Vabo, S.I. (2018) Politikk og demokrati: En innføring i stats- og kommunalkunnskap (4. utg., s. 26–71, 84–88). Gyldendal. (47 sider)

Hansen, M. N. & Mastekaasa, A. (2010). Utdanning, ulikhet og forandring. I I. Frønes & L. Kjølsrød (Red.) Det norske samfunn (6. utg., s. 116-143).Gyldendal akademisk. (28 sider)

Hatlen, J.F. (2020). Historikerens kode | «Kap. 8: Historisk empati». (s.147-161). Universitetsforlaget. (15 sider)

Hesselberg, J. & Sørreime, H. B. (2017). Fattigdom og ulikhet i et globalt perspektiv. I D. Jordhus-Lier & K. Stokke (Red.). Samfunnsgeografi: En innføring (s. 121-133).Cappelen Damm akademisk. DOI 10.23865/noasp.14.45 (13 sider)

Hundstad, D. (Red.), Angell, S. I., Dørum, K. & Myking, J. R. (2021). Kvifor vart det slik? Norsk historie gjennom 10 000 år, (s.18–135, 227–252). Cappelen Damm Akademisk. (144 sider) 

Hunnes, O. R. (2015). Å undervise verdiar og haldningar. I K. Børhaug, Å. Samnøy & O. R. Hunnes (Red.) Spadestikk i samfunnsfagdidaktikken (s. 123-142). Fagbokforlaget. (20 sider)

Kerr, D. & Huddleston, T. (Red.). 2017. Å undervise i kontroversielle spørsmål (s. 7-24; 42; 45-49). Europarådet/Utdanningsdirektoratet. Lasta ned 8. mai 2019 frå https://rm.coe.int/a-undervise-i-kontroversielle-tema/1680748448  (24 s)

Knutsen, G. (2006) Lange linjer i historien. (s. 32 - 52).Cappelen Akademiske (20 sider)

Koritzinsky, T. (2020). Vurdering og veiledning. I Samfunnskunnskap: Fagdidaktisk innføring (5. utg., s. 253–269). Universitetsforlaget. (17 sider) 

Kvande, L. & Naastad, N. (2020).  Hva skal vi med historie? Historiedidaktikk i teori og praksis, (2. utg., s. 47 – 79; 80–99; 118-137; 160–182; 203–222). Universitetsforlaget. (116 sider) 

Landro, T. (2019). Periodization and Temporal boundaries: Defining the Middle Ages. i; Orban, F. & Larsen, E.S. (red.) Discussing Borders, Escaping Traps: Transdisciplinary and Transspatial Approaches (s. 17–34). Waxmann. (18 sider)

Lothe, J. & Storeide, A. (Red.). (2006). Innledning. I Tidsvitner: Fortellinger fra Auschwitz og Sachsenhausen (s. 9-29). Gyldendal. (21 sider)

Madsen, O. J. (2019). Det digitale jeget. Samtiden. 2 (vo. 127), s.70-75. (6 sider)

Madsen, O. J. (2018). Generasjon prestasjon: Hva er det som feiler oss? (s. 184 - 215; Kap. 9) Universitetsforlaget. (32 sider)

Nielsen, M. O. (2011). Mennesker i historie, historie i mennesker. I C. Lenz & T. R. Nilssen (Red.), Fortiden i nåtiden: Nye veier i formidlingen av andre verdenskrigs historie (s. 269-295). Universitetsforlaget. (27 sider)

Niemi, E. (2017). Fornorskingspolitikken overfor samene og kvenene. I N. Brandal, C. A. Døving & I. T. Plesner (Red.) (2017). Nasjonale minoriteter og urfolk i norsk politikk fra 1900 til 2016 (s. 131-152). Cappelen Damm akademisk. (22 sider)

Nustad, P. (2017). Hva kan skolen gjøre for å motvirke fordommer og sikre likeverd? I N. Brandal, C. A. Døving & I. T. Plesner (Red.) (2017). Nasjonale minoriteter og urfolk i norsk politikk fra 1900 til 2016 (s. 273-287). Cappelen Damm akademisk. (15 sider)

Overrein, P. & Madsen, R. (2014). Grunnleggende ferdigheter i samfunnsfag. I K. Skovholt (Red.) Innføring i grunnleggende ferdigheter (s. 126-172). Cappelen Damm akademisk. (47 sider)

Palmer, R. R., Colton, J. & Kramer, L. (2002). The Rise of Europe. I A History of the Modern World (9. utg., s. 9-46). Knopf. (38 sider)

Ryen, E. (2019). Nyheter og kritisk tenking i samfunnsfag. I M. Ferrer & A. Wetlesen (Red.), Kritisk tenking i samfunnsfag, s. 69–87. Universitetsforlaget. (19 sider) 

Rønning, R. (2015). Politiske ideologier: Et grunnskjema for å forstå uenighet og ulikhet. I  Vårt politiske Norge: Innføring i stats- og kommunalkunnskap (4. utg., s. 51-77). Fagbokforlaget. (27 sider)

Røthing, Å (2011). Kapittel 9: Kjønn, seksualitet og kompleksitet. I: M. B. Postholm, E. Munthe, P. Haug, & R. J. Krumsvik (red.), Elevmangfold i skolen 5-10 (s. 211-225). Høyskoleforlaget. (15 sider)

Samnøy, Å. (2015). Bilete av «dei andre» i ei globalisert verd. I K. Børhaug, Å. Samnøy & O. R. Hunnes. Spadestikk i samfunnsfagdidaktikken (s. 103-121). Fagbokforlaget. (19 sider)

Schiefloe, P. M. (2019). Mennesker og samfunn: Innføring i sosiologisk forståelse (3. utg., s. 121-311). Fagbokforlaget. (191 sider)

Selboe, E, Nordbø, M. J. & O-Brien, K. (2017). Klima- og samfunnsendringer. I D. Jordhus-Lier & K. Stokke (Red.), Samfunnsgeografi: En innføring (s. 305-316). Cappelen Damm akademisk. DOI 10.23865/noasp.14.45 (12 sider)

Seland, E. H. (2021). Antikkens globale verden. (4. utg; s. 117 – 144) Portal. (28 sider)

Skavhaug, T. W. (2018). Utforsking med digital hjelp. I T. A. Fiskum, D. Gulaker & H. P. Andersen (Red.) Den engasjerte eleven: Undrende, utforskende og aktiviserende undervisning i skolen (s. 111-148). Cappelen Damm akademisk. https://doi.org/10.23865/noasp.35  (20 sider)

Solhaug, T. (2020). Demokratiet i skolen – skolen i demokratiet. (s. 33-46; 47-65; 66- 81; 82-96; 184-204; 205 - 221) Universitetsforlaget. (102 sider)

Svenbalrud, H. K. (2013). FN og kollektiv sikkerhet. I H. H. Waage, R. Tamnes & H. H. Vik (Red.) Krig og fred i det lange 20. århundre (s. 235-256). Cappelen Damm akademisk. (22 sider)

Sæther, E. (2019). Kapittel 5: Bærekraftig handlekraft i samfunnsfag - hva innebærer det? I O.A, Kvamme og E. Sæther (Red.) Bærekraftsdidaktikk (s. 97 - 114). Fagbokforlaget. (18 sider)

Sætra, E. (2020). To ideer om demokratilæring:skolens demokratiopplæring i brytningen mellom teoretiske perspektiver og læreres syn på praksis. Norsk pedagogisk tidsskrift. 104(1), s.72-79. https://doi.org/10.18261/issn.1504-2987-2020-01-08 (8 sider)

Vandsemb, B. H. (2013). Befolkning og utvikling. I T. L. Eriksen & K. B. Feldberg (Red.) Utvikling: En innføring i utviklingsstudier (s. 187-211). Cappelen Damm akademisk. (25 sider)

Vik, H. H. (2013). Internasjonale menneskerettigheter. I H. H. Waage, R. Tamnes & H. H. Vik (Red.) Krig og fred i det lange 20. århundre (s. 259-282). Cappelen Damm akademisk. (24 sider)

Østerud, Ø. (2007). Nasjonalstat og nasjonalisme. I Statsvitenskap: Innføring i politisk analyse (4. utg., s. 170-181). Universitetsforlaget. (12 sider)

Aarre, T. (2014). Samane – urfolket i Noreg. I Børhaug, K., Christophersen, J. & T. Aarre. Introduksjon til samfunnskunnskap: Fagstoff og didaktikk (3. utg., s. 158–174). Det norske samlaget. (17 sider)

I tillegg kommer et utvalg mediefiler (podcaster), fagessays, populærvitenskapelige artikler, nyhetsartikler, ressurs- og undervisningshefter som legges ut i fagets Canvasrom (s. 60 sider)

Totalt antall sider: 2029