4MGL5SA101 Samfunnsfag 1 5-10

Alle versjoner:
4MGL5SA101 (2023—2024)
4MGL5SA101 (2022—2023)
4MGL5SA101 (2021—2022)
4MGL5SA101 (2020—2021)
4MGL5SA101 (2019—2020)

Emnekode: 4MGL5SA101

Emnenavn: Samfunnsfag 1 5-10

Undervisningssemester: Høst

Steder: Oslo

Studieår: 2023–2024

Undervisningsspråk: Norsk

Studiepoeng: 30 poeng

Enkeltemne: Nei

Forkunnskapskrav

Sjå programplan

Relevans i studieprogrammet

Valfritt relevant emne i grunnskolelærarutdanninga 5.-10. trinn. Obligatorisk for studentar som skal ta master i samfunnsfag i grunnskolelærarutdanninga.

Emnet kan takast som einskildemne

Innledning

Samfunnsfaget har samfunnsbyggjande ambisjonar. Studium av samfunn skal hjelpe menneska til å finne fotfeste og orientere seg i verda, i det nære, i det fjernare og globale, i fortid, i notid og i framtid. Gjennom å tileigne seg kunnskap og myndiggjering skal studentane utvikle evna si til kritisk refleksjon, resonnement og argumentasjon og utvikle verdiar og haldningar som mangfaldige og demokratiske samfunn treng. Slike samfunn må mellom anna ha menneske som tek initiativ, undersøkjer sjølv, kan samarbeide og ta ansvar.  

Samfunnsfag 1 skal førebu studentane til profesjonsrolla som samfunnsfaglærar for 5.-10. klassetrinn. Dette krev både fagleg og fagdidaktisk innsikt. Studentane skal kunne legge til rette for deltakande og handlingsorientert læring, som fremjar elevane si interesse for faget. Studentane skal tileigne seg kompetanse i å utforske,  kommunisere,  tenkje kritisk og leie læringsprosessar som introduserer elevane for samfunnsvitskaplege tenkemåtar. Målet er å danna kritiske, initiativrike og ansvarlege lærarkandidatar, som kan gå inn som aktive deltakarar i skule og samfunn.  

Læringsutbytte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har kjennskap til vitskaplege teoriar og metodar innan samfunnsfaget
  • har kunnskap om samfunnsfagdidaktisk teori og forsking
  • har kunnskap om menneskerettar, medborgarskap og demokrati
  • har kunnskap om samane som urfolk, om dei nasjonale minoritetane og om kulturelt mangfald i Noreg
  • har kunnskap om samspelet mellom menneske, teknologi og natur, med vekt på befolkningutvikling, ressursfordeling og berekraftig utvikling
  • har kunnskap om sosialisering, kultur, identitet, kjønn og ulikskap i eit samfunnsfagleg perspektiv
  • har kunnskap om handlingsrom og utfordringar for samfunnsfaget knytt til elevane sin digitale kvardag, digitale ferdigheiter, digital kjeldebruk og digital dømmekraft
  • har kunnskap om ideologiar, makt, politikk og styringsformer
  • har kunnskap om konfliktar og samarbeid i geografisk, historisk og samfunnsvitskapleg perspektiv

Ferdigheter

Studenten

  • kan leie læringsprosessar med særleg vekt på grunnleggjande ferdigheiter og dei tverrfaglege temaa i læreplanen, og sikre progresjon i opplæringa
  • kan arbeide med verdiar og haldningar i samfunnsfag, stimulere til undring om og respekt for mangfald og bruke dette som ressurs i arbeidet med elevane
  • kan finne, vurdere og tolke ulike typar kjelder for å legge til rette for gode læringsprosessar
  • kan reflektere over ulike dimensjonar ved demokratiopplæringa, og legge til rette for utvikling av demokratisk medborgerskap
  • kan reflektere over planlegging, leiing og vurdering av læringsarbeid som grunnlag for læringsretta tilbakemelding til alle elevar

Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektere sjølvstendig og kritisk over samfunnsfaglege og fagdidaktiske spørsmål
  • har overblikk over periodar og utviklingsmønster og kan gjere greie for korleis historie og kultur blir konstruert

Innhold

Innføringsemnet i samfunnsfag har ei brei tilnærming og integrerer perspektiv frå samfunnsfagdidaktikk med geografi, historie og samfunnskunnskap.  

Studentane får eit oversyn over lange historiske linjer og nokre sentrale hendingar i verdshistoria; frå dei forhistoriske jeger- og sankarsamfunna, til jordbrukssamfunn, industrisamfunn og notidige kunnskapssamfunn. Samspel mellom menneske, teknologi og natur står sentralt i emnet. Studentane får mellom anna innblikk i forhold og utfordringar knytt til befolkningsutvikling, ressursfordeling, berekraftig utvikling, konfliktar, internasjonalt samarbeid, kulturelt mangfald, sosialisering, sosial ulikskap, politikk og demokrati. Korleis menneske skaper og blir ein del av ulike samhandlingsmønster og fellesskap, ofte med ulik fordeling av makt og ressursar, er sentrale moment i samfunnsfaget.  

Emnet gjev grunnleggjande kunnskapar og ferdigheiter for å undervise i dei tverrfaglege temaområda demokrati og medborgarskap, folkehelse og livsmeistring og berekraftig utvikling.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert organisert i seminar og førelesningar, gruppearbeid, førebudde studentinnlegg, praksis, ekskursjon, sjølvstudium og rettleiing på tekst. Digital eller asynkron undervisning kan førekomme. 

Arbeidsomfang

Arbeidsmengde for student: ca 900 timar

Arbeidskrav

Følgjande arbeidskrav må vere godkjende innan fastsette fristar for å ta eksamen i emnet:

  • Ein fagtekst med prosesskriving 
  • Ei vurdering av ein medstudent sin fagtekst
  • To leserapportar
  • To podcastar
  • Ei fagdidaktisk oppgåve
  • Breiddetest
  • Krav til  frammøte og aktiv deltaking i undervisninga blir angitt ved emnets oppstart

Nærare opplysningar om arbeidskravas innhald og tidspunkt for gjennomføring vert gjeve i undervisningssemesteret

Vurderingsuttrykk arbeidskrav

Godkjend / Ikkje godkjend. Individuell vurdering.

Avsluttende vurdering

  • Munnleg eksamen, tel 50% av karakteren
  • 3 dagars heimeeksamen (2500 ord, +/- 10 %), tel 50 % av karakteren

Tillatte hjelpemidler

Heimeeksamen: Alle hjelpemidler, men eksamensettet må løysast og skrivast sjølvstendig

Munnleg eksamen: Ingen hjelpemidler

Vurderingsuttrykk avsluttende vurdering

Det vert gitt gradert karakter fra A- F, der F er ikkje greidd.

Eksamensspråk

Norsk.

Andre språk kan godkjennast etter søknad

Progresjonskrav

Emnet Samfunnsfag 1 må vera greidd før studenten kan starta på Samfunnsfag 2.

Praksis

Sjå eigen praksisplan for grunnskolelærerutdanninga og for studieplan for årsenheten.

Evaluering av emnet

Det vil bli føretatt emneevaluering i høve til kvalitetssystemet for NLA Høgskolen.

Studenten kan også gje tilbakemelding på emnet i faggruppa/klassen.

Tilbys som enkeltemne

Nei

Digital litteraturliste

Litteratur og faglige ressurser finner du her.