4MGL5SA301 Demokrati og deltakelse

Alle versjoner:
4MGL5SA301 (2024—2025)
4MGL5SA301 (2023—2024)
4MGL5SA301 (2022—2023)
4MGL5SA301 (2021—2022)

Emnekode: 4MGL5SA301

Emnenavn: Demokrati og deltakelse

Undervisningssemester: Høst

Steder: Oslo

Studieår: 2021–2022

Undervisningsspråk: Norsk

Studiepoeng: 15 poeng

Enkeltemne: Nei

Forkunnskapskrav

Samfunnsfag 1 og 2.

Relevans i studieprogrammet

Obligatorisk emne for studentar som skal ta master, samfunnsfag i grunnskulelærarutdanninga.

Innledning

Faget i utdanninga

Demokrati og deltaking er ei fordjupingseining (15 SP) på masternivå og inngår som ein obligatorisk del av masterspesialiseringa i samfunnsfag ved grunnskolelærarutdanninga.

Emnet gjev innsikt i teoriar og praksis som ligg til grunn for korleis demokrati, medborgarskap, sivil samfunnet og ulikskap kan forståast, og på ulike måtar forma skulen. Kurset har eit spesifikt fokus på korleis desse omgrepa vert brukt eller kan brukast i ein didaktisk samanheng.

Læringsutbytte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har avansert kunnskap om sentrale teoriar og omgrep innan fagområdet demokrati og medborgarskap
  • kjenner til sentrale forskingsresultat om skulen si demokratiopplæring og -praksis
  • har kunnskap om sentral teori om sivilsamfunnet og korleis sivilsamfunnet kan fungera som korrektiv til politiske system
  • har kunnskap om korleis ulikskap påverkar moglegheiter for deltaking i skule og samfunn

Ferdigheter

Studenten

  • kan reflektera kritisk over demokratiet sine utfordringar i teori og praksis
  • kan diskutera og problematisera korleis demokratiomgrepet vert brukt i skulen og kan kritisk drøfta skulen si demokratiopplæring
  • kan gjera greie for ulike demokratiteoriar og demokratisyn, drøfta desse kritisk opp mot kvarandre og nytta dei i analyse av ulik empiri
  • kan drøfta og vurdera sivilsamfunnet potensialet som ligg i sivilsamfunnet
  • kan planlegga og gjennomføra undervisning i samfunnsfag som fremjar eleven sine vitskapelege tenkemåtar
  • kan på avansert nivå applisera prinsipp for den læringsorienterte vurderinga i samfunnsfag og slik bidra til at elevane lærer å reflektera over eiga læring og utvikling
  • kan analysera og førehalda seg kritisk til nasjonal og internasjonal forsking og nytta denne kunnskap i profesjonsutøvinga
  • kan gjennomføra fagdidaktiske og praksistilknytte utviklingsprosjekt i tråd med metodiske og forskingsetiske normer

Generell kompetanse

Studenten

  • kan på systematisk vis planlegga, prøva ut i praksis, evaluera og revidera opplegg for læring ut frå ein samfunnsfagleg ståstad
  • kan problematisera samanhengar mellom kunnskapar, teoriar og praksis innan feltet samfunnsfagdidaktikk
  • kan på eit avansert nivå formidla og kommunisera om faglege problemstillingar knytt til profesjonsutøvinga og kan bidra til utviklingsarbeid som fremjar fagleg og pedagogisk nytenking i skulen

Innhold

Emnet har følgjande tema:

Demokrati

Medborgarskap og sivilsamfunnet

Ulikskap og deltaking

Vitskapsteori og metode

Demokrati og deltaking er ei fordjupingseining (15sp) på masternivå og inngår som ein obligatorisk del av masterstudiet i samfunnsfag. Emnet gjev innsikt i teoriar og praksis som ligg til grunn for korleis demokrati, medborgarskap, sivilesamfunnet og ulikskap kan forståast og på ulike måtar forma skulen. Kurset har eit spesifikt fokus på korleis desse omgrepa vert brukt eller kan brukast i ein didaktisk samanheng. Kurset startar med å leggja eit fundament innan demokratisk teori der nokre av dei klassiske perspektiva vert kombinerte med nyare sentrale bidrag. Medborgarskap analyserer korleis demokratiet kan forståast i skulen og vektlegg opplæringa si rolle i å danna nye medborgarar. Sivilsamfunnet - rommet mellom stat, marknad og individ - kan studerast både som ei støtte og eit korrektiv til det politiske systemet. Her kan også minoritetsstandpunkt og -verdiar få rom og potensielt utfylla og skjerpa demokratiet. Emnet sivilsamfunnet drøftar spenninga i samfunnet ved å studera ei rekkje ulike perspektiv på tilhøvet mellom sivilsamfunnet og demokratiet. Emneområdet ulikskap fungerer som ei eksemplifisering av korleis det å høyra til i ulike sosiale kategoriar formar menneska sitt handlingsrom og moglegheit for deltaking i samfunnet. Studentane får innblikk i teoriar knytt til ulikskap og korleis denne kategorien påverkar deltaking i det norske samfunnet generelt, og i skulen spesielt.

Arbeids- og undervisningsformer

Emnet er sett saman ein kombinasjon av nettbasert og campusbasert undervisning. Den nettbaserte undervisninga er felles for studentar som deltek i emnet i Bergen og Oslo. Det vert bygd opp ein nettressurs med t.d. aktuelle dokument, videoar og podkastar, og delar av undervisninga tek i bruk digitale læringsflater.

Undervisninga vert organisert som ein kombinasjon av førelesingar, sjølvstudium og diskusjon av tekstar og studentarbeid i seminar, og det vert sett krav til aktiv deltaking frå studenten i form av innlegg på seminara. Studenten får ansvar for å presentera delar av litteraturen, samt førebu didaktiske refleksjonsspørsmål som utgangspunkt for fagleg diskusjon.

I tilknyting til praksis skal studentane prøve ut ein metode for systematisk profesjonsutvikling, normalt «Lesson study». Organisering av forarbeid og formidling av erfaringar etter praksisperioden spesifiserast ved oppstart av emnet.

Studenten skal dessutan skriva eit essay over eit sjølvvalt tema innan emnet. Essayet skal presenterast munnleg og skriftleg som utgangspunkt for samfunnsfagleg diskusjon og refleksjon.

Arbeidsomfang

Antatt arbeidsmengde for student: ca. 450 timar

Arbeidskrav

Følgjande arbeidskrav må være godkjende for at eksamen kan gjennomførast.

  • to videoar på fem minutt om eit oppgjeve tema/oppgåve.
  • tre kortare skriveoppgåver knytt til emnets litteratur
  • Gjennomføre eit gruppeprosjekt for systematisk profesjonsutvikling i tilknyting til praksisperioden, vanlegvis «Lesson study»
  • få godkjend problemstilling til eksamensessay
  • gjennomføre to individuelle rettleiingar av eksamensessay
  • Det er krav om deltaking i minst 80% av den organiserte undervisingen.

Vurderingsuttrykk arbeidskrav

Godkjend / ikkje godkjend

Avsluttende vurdering

  • Eit essay på 5000 ord +/- 10%. Sjølvvald problemstilling skal ta utgangspunkt i emnelitteratur eller problemstillingar frå undervisninga, og vere godkjend av emneansvarleg på førehand.

Tillatte hjelpemidler

 Alle.

Vurderingsuttrykk avsluttende vurdering

Det vert gjeve gradert karakter fra A - F, der F er ikkje greidd.

Eksamensspråk

Norsk. Andre språk kan godkjennast etter søknad.

Praksis

Sjå praksisplan for MGLU5.

Evaluering av emnet

Det vil bli føreteke emneevaluering i høve til kvalitetssystemet for NLA Høgskolen. Studenten kan også gje tilbakemelding på emnet i faggruppa/klassen.

Litteratur og faglige ressurser

Det kan bli endringar i litteraturen

Demokrati

Achen, C.H. & Bartels, L.M. (2016). Democratic Ideals and Realities. In Democracy for Realists: Why Elections Do Not Produce Responsive Government, 1-81. Princeton University Press. (81 sider)

Bellamy, R. (2011). Citzenship. In Klosko, G. (ed.) The Oxford handbook of the History of Political Philosophy, 586-598. Oxford: Oxford University Press. (13 sider)

Borgebund, H. (2015). Demokratisk danning: realistisk eller idealistisk demokratisyn. I Børhaug, K., Samnøy, Å. & Hunnes, O.R. (red.) Spadestikk i samfunnsfagdidaktikken, s. 87-102. Bergen: Fagbokforlaget. (16 sider)

Elster, J. (1986). The Market and the Forum: Three Varieties of Political Theory, In Elster, J. & Hylland, Aa. (ed.) Foundations of social choice theory, 103-32. Cambridge: Cambridge University Press. (30 sider)

Eriksen, E. O. (1995a) Introduksjon til en deliberativ politikkmodell. I Eriksen, E.O. (red.) Deliberativ politikk. Demokrati i teori og praksis, 11-29. Oslo: Tano. (18 sider)

Eriksen, E.O. and Fossum, J.E. (2002). Democracy through Strong Publics in the European Union. Journal of Common Market Studies 40(3): 401-424. (24 sider)

Gutmann, A. (1999). Democratic Education, 3-94. Princeton University Press. (92 sider)

Held, David. 2006. I Deliberative Democracy and the Defence of the Public Realm og Democracy, the Nation State and the Global System Models of Democracy, 231-253; 290-309. Polity Press. (43 sider)

Warren, M.E. (2011). Democracy. In Klosko, G. (ed.) The Oxford handbook of the History of Political Philosophy, 517-529. Oxford: Oxford University Press. (13 sider)

Medborgarskap

Almond, G. & Verba, S. (1989) The civic culture.  Political attitudes and democracy in five nations, 1-37.  London, Sage.  (37 sider)

Børhaug, K. (2014). Selective critical thinking: A textbook analysis of education for critical thinking in Norwegian social studies. Policy Futures in Education 12.(3) s. 431-444. (14 sider)

Nielsen, M.-B.O. (2012). Demokratikompetanser for den digitale offentligheten og det discursive demokratiet? I Solhaug, T., Børhaug, K., Stugu, O.S.  og Haugaløkken, O. (red.), Skolen, nasjonen og medborgaren, 127-153. Trondheim: Tapir akademisk forlag. (27 sider)

Solhaug, T (2012). Nasjon, medborgerskap og skolen. I Solhaug, T., Børhaug, K., Stugu, O.S. og Haugaløkken, O. (red.), Skolen, nasjonen og medborgaren, 9-26. Trondheim: Tapir akademisk forlag. (18 sider)

Strømsnes, K. (2003). Folkets makt: Medborgere, demokrati, deltakelse, 83-159; 193-225. Oslo: Gyldendal Akademisk. (110 sider)

Sæle, C. (2012). Mellom vi og de andre: lærebokkritikk og historieundervisningens politiske dimensjon. I Solhaug, T., Børhaug, K., Stugu, O.S.  og Haugaløkken, O. (red.), Skolen, nasjonen og medborgaren. S. 27-40. Trondheim: Tapir akademisk forlag. (14 sider)

Ødegaard, J.A. (2015). Skolevalg og politisk motivasjon En kvalitativ studie av grunner skolevalget gir for hvorfor ungdom skal delta i valg. Tidsskrift for samfunnsforskning 2015 (3), 290-320. (31 sider)

Sivilsamfunnet

Berggrav, E. (1945). Staten og mennesket, 13-39. Oslo: Land og kirke. (26 sider)

Austad, T. (1974). Kirkens grunn. Analyse av en kirkelig bekjennelse fra okkupasjonstiden 1940-45, 80-102, Oslo: Luther Forlag (22 sider)

Chambers, S. & Kopstein, J. (2008). Civil Society and the State. In Dryzek, J.S., Honig, B. & Phillips, A.. The Oxford Handbook of Political Theory. 363-381, Oxford (19 sider)

Kjeldstadli, K. (2010). Kollektive bevegelser. I Helle, I., Kjeldstadli, K. og Særvoll, J. (red.) Historier om motstand. Kollektive bevegelser i det 20. århundret, 13-32. Abstrakt forlag (19 sider)

Kvam, V. (2013). Skolefronten under den tyske okkupasjonen. Skolefronten. Einar Høigård og norske læreres kamp mot nazismen. 111-188, Scandinavian Academic Press. (77 sider)

Lorentzen, H. (2010). Det sivile samfunn. I Frønes, I. og Kjølsberg. L. (red.). Det norske samfunn. 6 utg., 308-326, Gyldendal Akademisk. (18 sider)

Putnam R. D. (1994). Making Democracy Work, 3-81. Princeton University Press. (Resten av boka, ca. 100 sider, er kursorisk lesning.)

Wollebæk, D. og Selles, P. (2002). Det nye organisasjonssamfunnet. Demokrati i omforming, 56-106. Bergen: Fagbokforlaget (40 sider)

Ulikskap og deltaking

Danielsen, H., Larsen, E. & Owesen, I.W. (2013). Norsk likestillingshistorie 1814-2013, s. 329-380, s. 159 - 218. Bergen: Fagbokforlaget. (50 sider)

Mill, J. S. & Ryan, A. (ed). (1859/1869). On liberty and The Subjection of Women, Penguin Classics. Penguin. (kursorisk litteratur)

Nielsen, H.B. (red.) (2014). Forskjeller i klassen. Nye perspektiver på kjønn, klasse og etnisitet i skolen. Oslo: Universitetsforlaget. S. 11-53, s. 76-117, s. 208-217 (93 sider)

Østerud, Ø, Engelstad, F. og Selle, P. 2003. Kjønnsmakt i likestillingslandet. I Makten og demokratiet. En sluttbok fra Makt- og demokratiutredningen, 165-181. Oslo: Gyldendal. (17 sider)

Vitskapsteori og metode

Tiller, T. (2013). Å forske i skolens hverdag. I Brekke, M. og Tiller, T. (red.), Læreren som forsker. Innføring i forskningsarbeid i skolen, s. 27-44. Oslo: Universitetsforlaget (18 sider)

Totalt tal sider: 1153 sider (+ 100 sider kursorisk)