MGL1NO201 Norsk 2 GLU 1-7

Alle versjoner:
MGL1NO201 (2022—2023)
MGL1NO201 (2021—2022)
MGL1NO201 (2020—2021)
MGL1NO201 (2019—2020)

Emnekode: MGL1NO201

Emnenavn: Norsk 2 GLU 1-7

Undervisningssemester: Vår

Steder: Bergen (Breistein)

Studieår: 2022–2023

Undervisningsspråk: Norsk

Studiepoeng: 30 poeng

Enkeltemne: Nei

Forkunnskapskrav

Norsk 1

Anbefalte forkunnskaper

Litteratur og leseopplæring Norsk 1, Inn i skrift og språk Norsk 1, Språk og skriveopplæring Norsk 1.

Relevans i studieprogrammet

Emnet er ein valfri del av grunnskolelærarutdanninga 1. Emnet er obligatorisk om studenten ønsker grunnskolelærarutdanning 1-7 med master i norsk. 

Innledning

Emnet Norsk 2 GLU 1-7 består av to delemne: Tekst og kontekst og Språk og mangfald. Studentar som skal ta master i norsk, skriv FoU-oppgåva si parallelt med dette emnet.

Læringsutbytte

Etter endt studium har studenten følgende læringsutbytte:

Generell kompetanse  

Studenten

  • har innsikt i skulefagets historie og eigenart som språk-, kultur-, litteratur- og danningsfag  
  • kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium i relevante uttrykksformer 
  • kan kombinere kunnskapar og ferdigheiter frå dei to delemna for å utvikle og fremme innsikt i samanhengane mellom dei ulike fagområda i norskfaget 
  • kjenner til norskdidaktisk forsking og utviklingsarbeid og kan drøfte forskingsetiske problemstillingar   
  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere fagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid på trinn 1-7 i samarbeid med andre 
  • kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål og delta i norskfaglege drøftingar knytte til grunnskulelærarpraksis 

 

Tekst og kontekst 

Kunnskap 

Studenten 

  • har inngåande kunnskap om nokre litteraturhistoriske tema frå eldre og nyare tid  
  • har brei kunnskap om eit utval litterære og sakprega tekstar frå ulike tider og stader, for barn, unge og vaksne  
  • har kjennskap til eit utval samiske tekstar 
  • har inngåande kunnskap om nokre litteraturdidaktiske tilnærmingar og litteraturteoretiske perspektiv av relevans for norskfaget 1-7 

 

Ferdigheiter

Studenten 

  • kan bruke tekst- og litteraturkunnskap i analyse av munnlege, skriftlege og multimodale tekstar  
  • kan bruke tekst- og litteraturkunnskap som inngang til opplæringa i lesing, skriving og munnlegheit, og som utgangspunkt for ei heilskapleg tilnærming til norskfaget 
  • kan bruke tekstar som utgangspunkt for å utforske kulturelle kontekstar og livserfaringar 
  • kan legge til rette for variert arbeid med skjønnlitteratur og sakprega tekstar i tradisjonelle og moderne sjangrar og medium  

 

Språk og mangfald 

Kunnskap

Studenten  

  • har omfattande kunnskap om begynnaropplæringa og den vidare opplæringa i lesing, skriving og munnlegheit, og særleg om læringsfremjande respons og tilpassa opplæring 
  • har kunnskap om samisk språk og kultur, nasjonale minoritetsspråk og nabospråk i Norden 
  • har inngåande kunnskap om nokre sentrale tema frå norsk språkhistorie i eldre og nyare tid 
  • har kunnskap om språklege endringsprosessar, geografisk og sosial variasjon, normeringsproblematikk og haldningar knytt til dette.  

 

Ferdigheiter  

Studenten

  • kan vurdere og anvende sentrale prinsipp for kartlegging av den faglege utviklinga til elevane, for tilpassa opplæring og for læringsfremjande respons 
  • kan bruke kunnskap om norsk språkhistorie, språkleg variasjon og endring slik at elevar utviklar tilhøyrsle til samfunnet og respekt for mangfald 
  • kan bruke kunnskap om fleirspråklegheit og fleirspråkleg praksis i tilrettelegging for ei samansett og fleirkulturell elevgruppe 
  • kan bruke relevante metodar og teknologi på måtar som fremjar samarbeid og fagleg progresjon i begynnaropplæringa og den vidare lese- og skriveopplæringa   
  • kan legge til rette for at elevar på trinn 1-7 lærer å lese og skrive tekstar i ulike sjangrar og medium, og diskutere eigne og andres tekstar med blikk for eigen skriveprosess 

 

FoU-oppgåva (gjeld studentar som skal skrive FoU-oppgåva i norsk) 

Kunnskap 

Studenten 

  • har kunnskap om forskings- og utviklingsarbeid med relevans for 1-7-trinn innanfor eige prosjektområde 
  • har  innsikt i forskningsetiske dilemma og forskningsmetode som er relevant for eige forskingsområde/prosjekt 
  • har oversikt og forståing av aktuell og relevant forskingslitteratur 

 

Ferdigheiter 

Studenten 

  • kan bruke relevante metodar i eit forskings- og utviklingsarbeid 
  • kan reflektere over vitskapsteoretiske og forskingsetiske implikasjonar av eige prosjekt 
  • kan vurdere samanhengen mellom eige forskings- og utviklingsprosjekt og praksis 
  • kan følge forskingsetiske normer 
  • kan drøfte resultat av forskings- og utviklingsprosjekt på kolleganivå og framstille eige prosjekt for medstudentar og lærarar 

 

Generell kompetanse 

Studenten 

  • kan planlegge og gjennomføre eit FoU-arbeid 
  • har innsikt i sentrale faglege, fagdidaktiske og yrkesetiske problemstillingar 
  • kan drøfte relevante forskingsetiske problemstillingar 
  • kan reflektere over val av metode og relevant vitskapsteori i forskings- og utviklingsarbeid knytt til masterfaget 
  • kan formidle eit praksisrelevant fagleg emne skriftleg og munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer 

Innhold

Norsk 2 GLU 1-7 er et 30-studiepoengsemne fordelt på to delemner på 15 studiepoeng hver. Delemnet Tekst og kontekst fokuserer på det språklige produktet: tekst og litteratur i sin historiske og kulturelle kontekst. Delemnet Språk og mangfold fokuserer på den språklige produksjonen som prosess, utført av et mangfold av språkbrukere, og under stadig utvikling og endring.  

 

Tekst og kontekst

Delemnet Tekst og kontekst gir tekstkunnskap og innsikt i litteraturteori, litteraturhistorie og litteraturdidaktiske tilnærminger, med et særlig fokus på norskfagets tekster og historie. Sentralt i delemnet står studentenes arbeid med et utvalg litterære primærtekster hentet fra ulike epoker og kulturkretser.

Delemnet legger vekt på å fremme studentenes analytiske ferdigheter i møte med tekster i ulike sjangrer og medier, og gir inngående kjennskap til didaktiske tilnærminger til arbeid med tekster og muntlighet i klasserommet.  

Språk og mangfold

Delemnet Språk og mangfald gir innsikt i språkleg variasjon og utvikling i eit historisk og kulturelt perspektiv, samanholdt med eit elevperspektiv. Delemnet har ei historisk tilnærming til språk og normering, og legg vekt på å utvikle forståing og aksept for språkleg variasjon og mangfald.

Delemnet gir inngåande kjennskap til didaktiske tilnærmingar til tilpassa opplæring i møte med fleirspråklege elevar, i begynnaropplæringa og i den vidare lese- og skriveopplæringa.  

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar, seminar med aktiv studentdeltaking, gruppeseminar, barneskolepraksis og sjølvstudium. Studentane bør organisere samarbeid også utanfor obligatorisk undervisning, t.d. kollokviegrupper. 

Arbeidsomfang

900 timar inkludert sjølvstudium.

Arbeidskrav

  • Eitt individuelt skriftleg arbeid (med lærerrettleiing)
  • Eitt skriftlig arbeid i gruppe (med lærerrettleiing)
  • Eitt munnleg, digitalt arbeid i gruppe (med studentrespons og lærarrettleiing)
  • Respons på medstudentar sitt arbeid
  • Breiddetest
  • Deltaking i gruppediskusjon
  • Eitt seminarinnlegg

Følgande arbeidskrav er knytt til FoU-oppgåva

  • Problemstilling 
  • Litteraturliste etter gitte kriterium
  • Tekstutkast etter gitte kriterium
  • Deltaking på forskingsseminar 
  • Deltaking i ein grupperettleiing
  • Deltaking i ein individuell rettleiing 

Følgande arbeidskrav gjeld for studentar som ikkje skriv FoU-oppgåve i norsk

  • Ein fagtekst på 2500 ord +/- 10%
  • Godkjent problemstilling og litteraturliste til fagteksten
  • Respons på medstudent sitt utkast til fagtekst

Nærare opplysingar om innhald og tidspunkt for gjennomføring av arbeidskrava vil bli gitt i årsplanen for faget ved studiestart. Alle obligatoriske arbeidskrav må vere godkjente før studenten kan gå opp til eksamen.

Vurderingsuttrykk arbeidskrav

Godkjent/ ikkje godkjent

Avsluttende vurdering

  • Munnleg eksamen med ein dags førebuingstid, individuell. 

Munnleg eksamen er todelt. Den eine delen tar utgangspunkt i ein førebudd digital presentasjon av eitt av dei følgande tre arbeidskrava: individuell tekst, gruppetekst eller digital gruppetekst. Den andre delen er knytt til læringsutbyttebeskrivingane i emnet. Oppgåva den einskilde student skal førebu blir trekt dagen før. 

Tillatte hjelpemidler

Førebuing av presentasjon: Alle

Munnleg gjennomføring: Ingen hjelpemiddel utover presentasjonen

Vurderingsuttrykk avsluttende vurdering

Eksamen blir vurdert med gradert karakter frå A til F, der F er stryk.

FoU-oppgåva blir vurdert til stått / ikkje stått.

Eksamensspråk

Norsk.

Progresjonskrav

Studenten må stå i emnet for å kunne fortsette på grunnskolelærarutdanning 1-7, Master i norsk.

Praksis

Sjå eigen praksisplan for MGLU 1-7.

Evaluering av emnet

Emnet blir evaluert i samsvar med kvalitetssystemet for NLA Høgskolen. I tillegg kan emneansvarleg gjennomføre mindre evalueringar. Studentane kan gi tilbakemelding på emnet i samband med undervising og til emneansvarleg.