MGL1NO201 Norsk 2 GLU 1-7

Alle versjoner:
MGL1NO201 (2024—2025)
MGL1NO201 (2023—2024)
MGL1NO201 (2022—2023)
MGL1NO201 (2021—2022)
MGL1NO201 (2020—2021)
MGL1NO201 (2019—2020)

Emnekode: MGL1NO201

Emnenavn: Norsk 2 GLU 1-7

Undervisningssemester: Vår

Steder: Bergen

Studieår: 2023–2024

Undervisningsspråk: Norsk

Studiepoeng: 30 poeng

Enkeltemne: Nei

Forkunnskapskrav

Norsk 1

Anbefalte forkunnskaper

Litteratur og leseopplæring Norsk 1, Inn i skrift og språk Norsk 1, Språk og skriveopplæring Norsk 1.

Relevans i studieprogrammet

Emnet er ein valfri del av grunnskolelærarutdanninga 1. Emnet er obligatorisk om studenten ønsker grunnskolelærarutdanning 1-7 med master i norsk. 

Innledning

Emnet Norsk 2 GLU 1-7 består av to delemne: Tekst og kontekst og Språk og mangfald. Studentar som skal ta master i norsk eller profesjonspedagogikk, skriv arbeidskrav knytt til FoU-oppgåva i dette emnet. 

Læringsutbytte

Etter endt studium har studenten følgjande læringsutbytte:

Generell kompetanse  

 Studenten

  • har innsikt i skulefagets historie og eigenart som språk-, kultur-, litteratur- og danningsfag  
  • kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium i relevante uttrykksformer 
  • kan kombinere kunnskapar og ferdigheiter frå dei to delemna for å utvikle og fremme innsikt i samanhengane mellom dei ulike fagområda i norskfaget 
  • kjenner til norskdidaktisk forsking og utviklingsarbeid og kan drøfte forskingsetiske problemstillingar   
  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere fagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid på trinn 1-7 i samarbeid med andre 
  • kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål og delta i norskfaglege drøftingar knytt til grunnskulelærarpraksis 

 

Tekst og kontekst 

Kunnskap 

Studenten 

  • har inngåande kunnskap om nokre litteraturhistoriske tema frå eldre og nyare tid  
  • har brei kunnskap om eit utval litterære og sakprega tekstar frå ulike tider og stader, for barn, unge og vaksne  
  • har kjennskap til eit utval samiske tekstar 
  • har inngåande kunnskap om nokre litteraturdidaktiske tilnærmingar og litteraturteoretiske perspektiv av relevans for norskfaget 1-7 

 

  Ferdigheiter

Studenten 

  • kan bruke tekst- og litteraturkunnskap i analyse av munnlege, skriftlege og multimodale tekstar  
  • kan bruke tekst- og litteraturkunnskap som inngang til opplæringa i lesing, skriving og munnlegheit, og som utgangspunkt for ei heilskapleg tilnærming til norskfaget 
  • kan bruke tekstar som utgangspunkt for å utforske kulturelle kontekstar og livserfaringar 
  • kan legge til rette for variert arbeid med skjønnlitteratur og sakprega tekstar i tradisjonelle og moderne sjangrar og medium  

 

Språk og mangfald 

Kunnskap

Studenten  

  • har omfattande kunnskap om begynnaropplæringa og den vidare opplæringa i lesing, skriving og munnlegheit, og særleg om læringsfremjande respons og tilpassa opplæring 
  • har kunnskap om samisk språk og kultur, nasjonale minoritetsspråk og nabospråk i Norden 
  • har inngåande kunnskap om nokre sentrale tema frå norsk språkhistorie i eldre og nyare tid 
  • har kunnskap om språklege endringsprosessar, geografisk og sosial variasjon, normeringsproblematikk og haldningar knytt til dette.  

 

Ferdigheiter  

Studenten

  • kan vurdere og anvende sentrale prinsipp for kartlegging av den faglege utviklinga til elevane, for tilpassa opplæring og for læringsfremjande respons 
  • kan bruke kunnskap om norsk språkhistorie, språkleg variasjon og endring slik at elevar utviklar tilhøyrsle til samfunnet og respekt for mangfald 
  • kan bruke kunnskap om fleirspråklegheit og fleirspråkleg praksis i tilrettelegging for ei samansett og fleirkulturell elevgruppe 
  • kan bruke relevante metodar og teknologi på måtar som fremjar samarbeid og fagleg progresjon i begynnaropplæringa og den vidare lese- og skriveopplæringa   
  • kan legge til rette for at elevar på trinn 1-7 lærer å lese og skrive tekstar i ulike sjangrar og medium, og diskutere eigne og andres tekstar med blikk for eigen skriveprosess 

 

Følgjande læringsutbytte er knytt til FoU-oppgåva:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om forskings- og utviklingsarbeid med relevans for eiga profesjonsutøving
  • har oversikt over og forståing for forskingslitteratur som er aktuell for å kunne svare på vald problemstilling

Ferdigheter

Studenten

  • kan formulere ei profesjonsretta problemstilling
  • kan drøfte vald problemstilling i lys av relevant forskingslitteratur
  • kan bruke kunnskapsoppsummering som forskingsmetode
  • kan formidle og drøfte funna til kunnskapsoppsummeringa i eit profesjonsfellesskap

Generell kompetanse

Studenten

  • har djup innsikt i vald fagleg/fagdidaktisk problemstilling
  • kan sjå samanhengen mellom forsking og utviklingsarbeidet til skulen
  • kan på eit avansert nivå analysere, formidle og samtale om faglege problemstillingar knytt til profesjonsutøvinga

Innhold

Norsk 2 GLU 1-7 er eit 30-studiepoengsemne fordelt på to delemne på 15 studiepoeng kvar. Delemnet Tekst og kontekst fokuserer på det språklege produktet: tekst og litteratur i sin historiske og kulturelle kontekst. Delemnet Språk og mangfald fokuserer på den språklege produksjonen som prosess, utført av eit mangfald av språkbrukarar, og under stadig utvikling og endring.  

 

Tekst og kontekst 

Delemnet Tekst og kontekst gir tekstkunnskap og innsikt i litteraturteori, litteraturhistorie og litteraturdidaktiske tilnærmingar, med eit særleg fokus på norskfagets tekstar og historie. Sentralt i delemnet står studentanes arbeid med eit utval litterære primærtekstar henta frå ulike epokar og kulturkrinsar.  

Delemnet legg vekt på å fremme studentanes analytiske ferdigheiter i møte med tekstar i ulike sjangrar og medium, og gir inngåande kjennskap til didaktiske tilnærmingar til arbeid med tekstar og muntlige ferdigheiter i klasserommet.   

Språk og mangfold

Delemnet Språk og mangfald gir innsikt i språkleg variasjon og utvikling i eit historisk og kulturelt perspektiv, samanholdt med eit elevperspektiv. Delemnet har ei historisk tilnærming til språk og normering, og legg vekt på å utvikle forståing og aksept for språkleg variasjon og mangfald. 

Delemnet gir inngåande kjennskap til didaktiske tilnærmingar til tilpassa opplæring i møte med fleirspråklege elevar, i begynnaropplæringa og i den vidare lese- og skriveopplæringa.  

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar, seminar med aktiv studentdeltaking, gruppeseminar, barneskolepraksis og sjølvstudium. Studentane bør organisere samarbeid også utanfor obligatorisk undervisning, t.d. kollokviegrupper. 

Arbeidsomfang

900 timar inkludert sjølvstudium.

Arbeidskrav

  • To arbeid (med lærarrettleiing)
  • Respons på medstudentar sitt arbeid
  • Eitt seminarinnlegg
  • Breiddetest
  • Det er krav om frammøte og aktiv deltaking som oppgitt i undervisningsplanen

Følgande arbeidskrav er knytt til FoU-oppgåva:

  • Inntil tre tekstutkast etter gitte kriterium
  • Deltaking i grupperettleiing
  • Deltaking i individuell rettleiing 

Nærare opplysingar om innhald og tidspunkt for gjennomføring av arbeidskrava vil bli gitt i undervisningsplanen for faget ved studiestart. Alle obligatoriske arbeidskrav må vere godkjente før studenten kan gå opp til eksamen.

Vurderingsuttrykk arbeidskrav

Godkjent/ ikkje godkjent

Avsluttende vurdering

  • Munnleg eksamen med ein dags førebuingstid, individuell. 

Munnleg eksamen er todelt. Den eine delen tar utgangspunkt i ein førebudd digital presentasjon av eitt av dei obligatoriske arbeidskrava. Den andre delen er knytt til læringsutbyttebeskrivingane i emnet. Oppgåva den einskilde student skal førebu blir trekt dagen før. 

Tillatte hjelpemidler

Førebuing av presentasjon: Alle

Munnleg gjennomføring: Ingen hjelpemiddel utover presentasjonen

Vurderingsuttrykk avsluttende vurdering

Eksamen blir vurdert med gradert karakter frå A til F, der F er stryk.

FoU-oppgåva blir vurdert til stått / ikkje stått.

Eksamensspråk

Norsk.

Praksis

Sjå eigen praksisplan for MGLU 1-7.

Evaluering av emnet

Emnet blir evaluert i samsvar med kvalitetssystemet for NLA Høgskolen. I tillegg kan emneansvarleg gjennomføre mindre evalueringar. Studentane kan gi tilbakemelding på emnet i samband med undervising og til emneansvarleg.

Digital litteraturliste

Litteratur og faglige ressurser finner du her.