MGL5NO201 Norsk 2, modul 1 5-10, Språk og språkdidaktikk 2

Alle versjoner:
MGL5NO201 (2022—2023)
MGL5NO201 (2021—2022)
MGL5NO201 (2020—2021)
MGL5NO201 (2019—2020)
MGL5NO201 (2018—2019)

Emnekode: MGL5NO201

Emnenavn: Norsk 2, modul 1 5-10, Språk og språkdidaktikk 2

Undervisningssemester: Vår

Steder: Bergen (Breistein)

Studieår: 2022–2023

Undervisningsspråk: Norsk

Studiepoeng: 10 poeng

Enkeltemne: Nei

Forkunnskapskrav

Sjå programplan

Relevans i studieprogrammet

Valfritt fag i grunnskolelærarutdanninga 5-10

Innledning

Emnet Språk og språkdidaktikk 2 vil særleg fokusere på språklege endringsprosessar, på fleirspråklegheit og på språkdidaktikk. Ungdomstrinnet vil stå sterkt i fokus.

Læringsutbytte

Ved NLA Høgskolen går Norsk 2, 5-10 (30 sp) over to semester i tre modular á 10 studiepoeng. Læringsutbyteformuleringane slik dei er formulerte i Nasjonale retningsliner for grunnskolelærarutdanning 5.-10. trinn er tilpassa dei tre modulane som utgjer Norsk 2 ved NLA Høgskolen. Etter fullført emne «Språk og språkdidaktikk 2» har studenten følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om Norge og Norden som fleirspråkleg samfunn, med samisk, nasjonale minoritetsspråk og nordiske nabospråk
  • har brei kunnskap om norsk språkhistorie i eldre og nyare tid
  • har kunnskap om språklege endringsprosessar, geografisk og sosial variasjon, og om normeringsproblematikk for nynorsk og bokmål
  • har kunnskap om samanhengen mellom språk og identitet
  • kjenner til forskings- og utviklingsarbeid med relevans for norskfaget på 5.-10.-trinn i språklege emne

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke kunnskap om norsk språkhistorie til å bidra til at elever utviklar nasjonal og kulturell identitet og tilhøyrsel
  • kan bruke kunnskap om språkleg variasjon og endring til å fremme respekt for variasjon og mangfald hos elevar
  • kan bruke kunnskap om fleirspråklegheit og fleirspråkleg praksis i tilrettelegging for ei samansett og fleirkulturell elevgruppe
  • meistrar skriftleg nynorsk og bokmål og kan undervise elevar i begge målformer
  • kan finne fram til, forstå, vise til og reflektere over relevant norskfagleg forskingslitteratur
  • kan skrive akademiske fagtekstar og delta i norskfaglege drøftingar knytte til grunnskulelærarpraksis

Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i grunnskolefagets historie og i sentrale faglege, fagdidaktiske og yrkesetiske problemstillingar
  • kan leggje til rette for at alle elevar på mellom- og ungdomstrinnet vidareutviklar grunnleggjande språkferdigheiter og blir tekstkyndige språkbrukarar som deltek aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer
  • kan vurdere eigen praksis som norsklærar med utgangspunkt i gjeldande læreplanar og faglege kunnskapar og innsikter
  • kan reflektere over val av metode og relevant vitskapsteori i norskfagleg forskings- og utviklingsarbeid
  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere fagleg utviklingsarbeid i møte med framtidas skule

Innhold

Emnet Språk og språkdidaktikk 2 vil ha særleg fokus på språkleg variasjon (geografisk, sosiolingvistisk og diakron), og på det fleirspråklege samfunnet, i eit didaktisk perspektiv.

Studentane skal utvikle både sin eigen språkbruk og kunnskapen sin om språk og tekst.

Dei skal bruke og reflektere over denne kunnskapen i møte med andre fag og i praksisfeltet.

Språkemnet kan samarbeide med andre norskemne om språkleg analyse av tekster.

Norskfaget vil kunne samarbeide med andre fag der det er naturleg.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar

Seminar med aktiv studentdeltaking

Gruppeseminar

Grunnskulepraksis

Sjølvstudium

Studentane bør danne kollokviegrupper og organisere samarbeid også utanfor obligatorisk undervisning

Arbeidsomfang

Arbeidsmengde for student: ca. 300 timar (dette omfattar også sjølvstudium).

Arbeidskrav

Obligatoriske arbeidskrav:

  • breiddetest
  • seminarinnlegg med skriftleg innlevering
  • skriftleg didaktisk oppgåve eller praksisoppgåve
  • deltaking i all undervisning er obligatorisk (minst 80 % frammøte)

Obligatorisk undervisning framgår av undervisningsplan.

Nærare opplysningar om innhald i og tidspunkt for gjennomføring av arbeidskrav vert gjeve i årsplanen for faget ved studiestart.

Alle obligatoriske arbeidskrav må vere godkjente for at studenten kan gjennomføre eksamen.

Vurderingsuttrykk arbeidskrav

Godkjent / Ikkje godkjent.

Avsluttende vurdering

Skuleeksamen, individuell, 5 timar. Skuleeksamenen skal skrivast på den målforma som vert oppgjeve ved semesterstart.

Tillatte hjelpemidler

Læreplan for Kunnskapsløftet og bokmåls- eller nynorskordliste (avhengig av eksamensmålform)

Vurderingsuttrykk avsluttende vurdering

Skriftleg eksamen vurderast med gradert karakter A til F, der F er stryk.

Eksamensspråk

Norsk.

Praksis

Sjå relevante læringsutbytteformuleringar og elles eigen praksisplan.

Evaluering av emnet

Emnet vert evaluert etter kriterium i NLA Høgskolens kvalitetssystem. I tillegg kan emneansvarleg gjennomføre mindre evalueringar. Studentane kan gje tilbakemeldingar på emnet i samband med undervisning og til emneansvarleg.

Tilbys som enkeltemne

Nei.