MGL5SA302 Samfunnsfaglige perspektiver på mangfold og fellesskap

Alle versjoner:
MGL5SA302 (2024—2025)
MGL5SA302 (2023—2024)
MGL5SA302 (2022—2023)
MGL5SA302 (2021—2022)
MGL5SA302 (2020—2021)

Emnekode: MGL5SA302

Emnenavn: Samfunnsfaglige perspektiver på mangfold og fellesskap

Undervisningssemester: Høst

Steder: Bergen

Studieår: 2023–2024

Undervisningsspråk: Norsk

Studiepoeng: 15 poeng

Enkeltemne: Nei

Forkunnskapskrav

Samfunnsfag 1 og Samfunnsfag 2

Relevans i studieprogrammet

Obligatorisk for studentar som skal ta master, samfunnsfag i grunnskulelærarutdanninga.

Innledning

Samfunnsfaglege perspektiv på mangfald og fellesskap er ei fordjupingseining (15 stp.) på masternivå og inngår som ein obligatorisk del av masterstudiet i samfunnsfag ved grunnskulelærarutdanninga.

Emnet skal gje nyansert djupnekunnskap om og forståing for ulike samfunnsfaglege tilnærmingar til mangfald og fellesskap. Studenten skal kunne analysere og stille seg kritisk til nyare nasjonal og internasjonal forsking, og bruke denne kunnskapen i utøvinga av profesjonen. Emnet har eit særleg fokus på å setje studentane i stand til kritisk utvikling av samfunnsfagundervisning i eit mangfaldig samfunn.

Skulefaget samfunnsfag har i styringsdokument fått eit særleg ansvar for menneskerettsopplæring i grunnskulen. I tillegg til fordommar, rasisme og diskriminering er urfolk, nasjonale minoritetar og seksuell orientering og kjønnsuttrykk, prioriterte tema i læreplanen. Alle desse tema er difor viktige i emnet Samfunnsfaglege perspektiv på mangfald og fellesskap. 

Emnet har ei fleirfagleg tilnærming med basis i fleire av samfunnsfaget sine underdisiplinar. Emnet er delt inn i følgjande fire overordna tema:

  • Inkluderande perspektiv på samfunnsfagundervisning
  • Ulike tilnærmingar til mangfald i utdanning
  • Menneskerettsopplæring og mangfald
  • Fordommar og rasisme

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har avansert profesjonsretta kunnskap om inkluderings- og ekskluderingsprosessar i eit samfunnsfagleg perspektiv
  • har avansert profesjonsretta kunnskap om korleis individuelle og kontekstuelle dimensjoner i skulen kan påverke undervisning og læring om samfunnsfaglege tema
  • har avansert kunnskap om eit utval tilnærmingar til mangfald og sosial ulikskap i skule og samfunn
  • har kunnskap om korleis ulike former for sosial differensiering, til dømes knytt til kjønn, etnisk bakgrunn og religion, kan danne grunnlag for identitetsdanning og tilhøyrsle
  • har kunnskap om sentrale debattar knytt til menneskerettsopplæring i skulen
  • har kunnskap om historia til urfolk og nasjonale minoritetar i Norge i eit menneskerettsperspektiv
  • har inngåande kunnskap om ulike former for rasisme, og kva innverknad rasisme har for identitetsutvikling og livsmoglegheiter
  • har inngåande kunnskap samfunnsfaget si rolle i å motvirke fordommar, framandfrykt og rasisme

 

Ferdigheiter

Studenten

  • kan anvende fagleg kunnskap for å fremje inkluderande undervisning i samfunnsfag  
  • kan anvende fagleg kunnskap i analysar relatert til skule og samfunn, og drøfte kva konsekvensar ulike tilnærmingar til mangfald kan ha i skule og samfunn
  • kan drøfte sentrale dilemma knytt til mangfald og menneskerettar
  • kan kritisk vurdere og velje ut fagleg innhald knytt til sentrale tema i emnet
  • kan planlegge og evaluere undervisning som sikrar fagleg progresjon i sentrale tema i emnet

Generell kompetanse

Studenten

  • kan kritisk reflektere rundt og utvise medvit om eigen posisjon som lærar i møte med ei mangfaldig elevgruppe
  • har handlingsberedskap for å ivareta den einskilde elev sin integritet
  • kan kritisk bruke forskingsbasert og profesjonsretta samfunnsfagleg kunnskap til videre utforsking av mangfald, inkludering og ekskludering

Innhold

Presentasjon av emnet

Emnet er delt inn i følgjande undertema:

  • Inkluderande perspektiv på samfunnsfagundervisning
  • Ulike tilnærmingar til mangfald i utdanning
  • Menneskerettsopplæring og mangfald
  • Fordommar og rasisme

 

Emnet legg vekt på å førebu studentane til å undervise i samfunnsfag i ein skule med mangfald. Det fremjar kritisk refleksjon rundt strukturar, haldningar og praksisar som kan føre til inkludering og ekskludering av elevar i samfunnsfagundervisning. Studenten skal utvikle evne til å analysere eigne haldningar og handlingar gjennom kritisk refleksjon, aleine og i eit profesjonsfellesskap.

Studenten skal i løpet av emnet tileigna seg ei grundig forståing for korleis ulike oppfatningar av og tilnærmingar til mangfald påverkar samfunn og skule på ulike måtar. Dette inkludere medvit omkring korleis samfunnsfaglege tema kan påverke undervisning og dynamikkar i klasserommet. Ulike tilnærmingar vert drøfta i lys av døme frå ulike samfunn og frå norsk skule.

Gjennom emnet vil studentane få innsikt i perspektiv som kan brukast til å kritisk undersøke og utfordre makt, eksisterande normer og diskursar både på samfunns- og skulenivå.

Emnet kastar lys over forskjellige perspektiv på menneskerettsopplæring i samfunnsfag, og gjev særleg fordjuping i kampane urfolk og nasjonale minoritetar i Norge har hatt mot urett og for sine rettar.

Emnet gjev djupneinnsikt i fordomar og rasisme, samt kva former desse fenomena kan ta og korleis dei kan komme til uttrykk. Målet er å styrkje studenten sin evne til å undervise om, identifisere og førebyggje fordommar og rasisme, slik desse kjem til uttrykk i skule og samfunn.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesing og seminar, med innslag av estetiske læringsformer, medstudentvurdering og ekskursjon.

Arbeidsomfang

Arbeidsmengde for student: ca. 450 timar

Arbeidskrav

1 skriftleg fagtekst (prosessorientert med fleire innleveringar).

1 munnleg framlegg.

Det er krav om frammøte og aktiv deltaking som angitt i undervisningsplanen

Vurderingsuttrykk arbeidskrav

Godkjend / ikkje godkjend

Avsluttende vurdering

Munnleg eksamen, 30 minutt per student.

Tillatte hjelpemidler

Ingen.

Vurderingsuttrykk avsluttende vurdering

Det vert gjeve gradert karakter fra A - F, der F er ikkje greidd.

Eksamensspråk

Norsk. Andre språk kan godkjennast etter søknad.

Praksis

Sjå praksisplan for MGLU5.

Evaluering av emnet

Det vil bli føreteke emneevaluering i høve til kvalitetssystemet for NLA Høgskolen. Studenten kan også gje tilbakemelding på emnet i faggruppa/klassen.

Digital litteraturliste

Litteratur og faglige ressurser finner du her.