Å byggja bru til den ytste øya
Studiestart er ein viktig overgangsfase der mange studentar opplever stress. I dette kapittelet er temaet korleis tekstrettleiing i starten av studiet både må forankrast i tidlegare skulegang og peika framover mot resten av den heilskaplege lærarutdanninga. I drøftinga vil eg hovudsakleg sjå på kva type rettleiing som kan bidra til at studenten lukkast på vegen mot bachelor- eller masteroppgåva, og i slutten av kapittelet vil eg gje nokre døme på oppgåvetypar og metodar som kan opna den nye studenten for fagleg refleksjon og gje ein god start på studiet.
Published in 2024
Read the article here