Irene Fanebust Eknes

Avdekking og overføring: Carving og material intelligens i skapinga av eit andlet

Dette bidraget undersøkjer korleis eit andlet kan ta form gjennom analog, subtraktiv
skulpturell praksis, med særleg vekt på spenninga mellom carving forstått som avdekking og carving
forstått som overføring. Prosjektet tek utgangspunkt i to måtar å forstå carving på, slik dei ofte blir
formulerte i møte med Michelangelo sin skulpturpraksis: anten som ei gradvis avdekking av ei form
tenkt som å ligge i materialet, eller som ei omsetjing av ein førehandsgiven modell gjennom
kontrollert, ofte seksjonsvis bearbeiding (Vasari, 1991; Carabel, 1997).
Med utgangspunkt i eige praksisbasert arbeid med eit portrett blir desse forståingane undersøkte
gjennom to parallelle arbeidsmåtar. I den første blir andletet først modellert i leire gjennom
imitasjon, før forma blir overført til carving gjennom ei seksjonsvis og gradvis avdekking, inspirert
av skildringar av Michelangelo si bruk av leire- og voksmodellar som referanse i arbeidet med
marmor (Vasari, 1991; Goldscheider, 1962). I den andre blir carvinga utført meir ope, utan
førehandsgiven modell, der forma blir avdekt frå fleire kantar samstundes gjennom direkte respons
på materialet.
Prosjektet diskuterer korleis desse to arbeidsmåtane aktualiserer ulike former for material intelligens:
som operativ og kontrollerande i overføringsprosessen, og som situert og relasjonell i den frie
avdekkinga. Refleksjonar frå Henry Moore og Barbara Hepworth fungerer som ramme for å forstå
carving som ein stad der avgjerder ikkje berre blir tekne av utøvaren, men oppstår i møte mellom
intensjon, handling og materiale (Hepworth, 1952; Moore, 2002).
Published in NordFo conference 2026, Material Intelligence, 2026
Read the article here