Umogleg oppdrag om koherens? Studentar sine opplevingar av fagdidaktikk i lektorutdanninga

Fagdidaktikk har ei sentral rolle for å skape samanheng, koherens, i lektorutdanninga, men vi veit lite om korleis studentane erfarer faget og korleis dei opplever at faget skapar koherens mellom ulike element i utdanninga. Gjennom koherens som teoretisk rammeverk og studentintervju som metode, undersøker denne artikkelen 1) lektorstudentar sine forståingar av fagdidaktikk og 2) korleis studentane opplever å kunne bruke fagdidaktisk kunnskap. Studien har tre sentrale funn: studentane har vanskar med å sjå relevansen av fagdidaktisk kunnskap i eit større profesjonsperspektiv, dei har utfordringar med å plassere fagdidaktisk kunnskap i høve til dei andre elementa i utdanninga og dei ønsker meir metodikk. Resultata viser at studentane opplever fagdidaktikk som vanskeleg å forstå og vanskeleg å bruke, og studien peiker på at manglande forståing av eitt fagområde kan føre til manglande opplevd koherens i utdanninga som heilskap. Studien reiser spørsmål om fagdidaktikken har fått eit umogleg oppdrag om koherens i høve til vilkåra faget har fått i lektorutdanninga.
Published in Acta Didactica Norden (ADNO), 2025
Read the article here