NLA Høgskolen: Fagutvikling og sjølvforståing på kristen grunn

Gunhild Hagesæther, Gunnar Innerdal, Bjarne Kvam (red)

NLA Høgskolen feira 50 årsjubileum i 2018. I jubileumshelga vart det halde fleire fagseminar. Fleire av innlegga frå seminara er i ettertid arbeidd ut som artiklar som blir publiserte i denne antologien. I tillegg er vitskapleg tilsette frå ulike avdelingar utfordra til å skriva. Boka er såleis vorten ein antologi som gjennom 12 artiklar vil syna forsking og fagleg engasjement ved NLA Høgskolen.

I samband med jubileet ønskjer vi å visa høgskulen sin plass i sektoren i dag og korleis ein kristen høgskule si sjølvforståing kjem til uttrykk i faglege problemstillingar og forsking i ei rekke av fagområda ved institusjonen. Samstundes vil kvar artikkel gje ny innsikt innan sitt område.

Private høgskular er ein del av høgre utdanning, og all slik utdanning har felles lovverk og forvaltning. Vi lar ein artikkel som plasserer NLA Høgskolen i universitets- og høgskolestrukturen danna ei ramme for heilskapen i antologien.
Kyrkjefag Profil er ein serie frå Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag ved Høgskulen i Volda. Boka er nr. 35 i serien.

Bidragsytere

Stein M. Wivestad, Oddvar Johan Jensen, Lars Dahle, Ståle Johannes Kristiansen, Kim Larsen, May Bente Stuart Matre, Svein Rise, Peder K. Solberg, Knut-Willy Sæther, Margunn Serigstad Dahle, Bjørn Hinderaker, Vigdis Berland Øystese, Marit Mjøs, Anne Karin Rudjord Unneland, Ursula Småland Goth, Bjørghild Kjelsvik, Kåre Melhus, Hilde Kristin Dahlstrøm, Solveig Omland, Truls Liland 

Antologien er en Open Access-publikasjon og kan i sin helhet leses gratis her.

102-Book Manuscript-3689-2-10-20200618.jpg