Revision of fossil Bibionidae (Diptera) from the Oligocene of Germany

John Skartveit

J. Skartveit & S. Wedmann (2021): Revision of fossil Bibionidae (Diptera) from the Oligocene of Germany. Zootaxa 4909: 1-77. Magnolia Press, Auckland.

Dette arbeidet er ein gjennomgang av alt tilgjengeleg materiale av fossil hårmygg (Bibionidae) frå Oligocen-tida (mellom 34 og 23 millionar år før notid) frå Tyskland. Materialet omfattar fleire tusen eksemplar der hovuddelen stammar frå dei to lokalitetane Rott (ca. 24 millionar år) og Enspel (ca. 25 millionar år).

Ein ny art i slekta Bibio vert beskriven frå Enspel. Frå Rott har det tidlegare vorte beskrive svært mange artar, men ulike forfattarar har i liten grad teke omsyn til tidlegare arbeid, slik at mange av artane er beskrivne og namnsette fleire gonger, difor synonymiserer me mange artsnamn frå denne lokaliteten. Materialet frå Enspel, som er nokså nyinnsamla (innsamlingane skjedde fram til 2017) har ikkje tidlegare vorte gjennmgått systematisk. Det er stor skilnad på materiala frå dei to lokalitetane: Rott har talrike artar medan Enspel har eit svært stort materiale men berre tre attkjennelege artar.

Samansetjinga av slekter tyder på at Rott hadde eit vesentleg varmare klima enn Enspel, dette kan ha to årsaker: kanskje mest sannsynleg er at det har skjedd ei monaleg oppvarming i perioden mellom avleiringane på dei to lokalitetane, men det kan også i alle fall delvis skuldast at lokaliteten ved Enspel har ligge høgare over havet når fossila vart danna enn den ved Rott. Me gjev ein bestemmingsnøkkel til alle artar som er kjende frå Oligocen i Tyskland.

Me har funne fleire artar som er felles med omtrent samtidige lokalitetar i Frankrike, og også nokre som ser ut til å vera felles med monaleg yngre (Radoboj, Kroatia) eller eldre (Kleinkems, Tyskland) lokalitetar. Fossile hårmygg kan gje viktig informasjon om miljøvilkår og spesielt klima i fortida.

Abstract

We revise the available material of fossil Bibionidae from the Oligocene of Germany, except for the Early Oligocene site of Kleinkems which has recently been revised. The bulk of the material originates from the Late Oligocene Lagerstätten of Rott and Enspel. One new species, Bibio castaneipennis sp.n., is described from Enspel. The following new combinations are established: Hesperinus heeri (Heyden & Heyden, 1865) comb.n. (previously Plecia heeri), Plecia dubia (Germar, 1837) (previously Phthiria dubia). Plecia collossea (Heyden & Heyden, 1865) is removed from synonymy with Plecia morio (Heer, 1849), Plecia gracilenta (Heyden & Heyden, 1865) is removed from synonymy with Plecia lygaeoides (Heer, 1849). The following new synonymies are established: Plecia elegantula Meunier, 1915 = Penthetria rottensis Statz, 1943 = Penthetria scita Statz, 1943 = Hesperinus heeri (Heyden & Heyden, 1865); Plecia superba Meunier, 1915 = Plecia imperialis Statz, 1943 = Plecia philippi Statz, 1943 = Plecia collossea (Heyden & Heyden, 1865); Helophilus primarius Germar, 1837 = Plecia abava (Heyden & Heyden, 1865) = Plecia satyrus Statz, 1943 = Plecia dubia (Germar, 1837); Plecia expositia (Heyden & Heyden, 1865) = Plecia grandaeva (Heyden & Heyden, 1865) = Plecia antenata
(Heyden & Heyden, 1865) = Plecia elongata (Heyden & Heyden, 1865) = Plecia pulchella Meunier, 1915 = Plecia hypogaea (Heyden & Heyden, 1865); Plecia schineri (Heyden & Heyden, 1865) = Plecia macrocephala (Heyden & Heyden, 1865); Plecia lapidaria (Heyden & Heyden, 1865) = Bibio brachypteroides Meunier, 1915 = Plecia vulpina Statz, 1943 = Plecia pinguis (Heyden & Heyden, 1865); Plecia lapidaria nigra Statz, 1943 = Plecia sluiteri Meunier, 1917; Plecia veterana (Heyden & Heyden, 1865) = Plecia stygia (Heyden & Heyden, 1865); Bibio spadicea Statz, 1943
= Bibio aerosus Statz, 1943; Bibio heydeni Meunier, 1920 = Bibio comosella Statz, 1943 = Bibio germari Meunier, 1920; Plecia heroica Heyden & Heyden, 1865 = Bibio giganteus Unger, 1841; Bibio infumatus Meunier, 1915 = Bibio mimas L. Heyden, 1870. The following names are placed as nomina dubia pending rediscovery of the type material: Plecia volgeri
(C.H.G. Heyden, 1859); Bibio janus L. Heyden, 1870; Bibio tertiarius C.H.G. Heyden, 1862; Dilophus deletus (C.H.G. Heyden, 1862). The male morphotypes described but not formally named by Statz (1943) are tentatively assigned to named species.

Key words: Hesperinus, Penthetria, Bibio, Bibiodes, Dilophus, Germany, new species, new combination