Koronamutert gudstenespraksis

Innlegg publisert i Dagen 29.01.21 av Egil Morland

Kva vil skje når det ikkje lenger er regjeringa Solberg eller Folkehelseinstituttet som gir godt samvit for ikkje å gå til gudsteneste?

Den siste tida har eit nytt, stygt ord kome inn i vokabularet vårt. Når viruset muterer, er det ikkje så godt å seia kva veg det tek, om det t.d. kan smyga seg unna dei flotte vaksinene som no er utvikla. Vi får, midt i triumferande rop om vaksiner og håp om «normale» tider, ei påminning om kor skjøre alle uttenkte planar er. For ikkje å snakka om sjølve livet, kor skjørt det er.

Mutering fører til ytterlegare nedstenging, auka frykt og endra praksis.

Slik også med samlingane i Guds hus. Dei muterer også. Ein ny, stygg, variant kom – på våre kantar – sist helg, då vi kunne vera inntil 10 personar til stades i gudstenesta. Tanken dreg både i retning av dei siste dagars heilage og til kampen mellom Gud og Abraham om dei inntil ti rettferdige i Sodoma. Gudstenestepraksisen er no så infisert at 10-talet sundag morgon enno ikkje var nådd.

Og slik blei det. Ni deltakarar – saman med ni godt førebudde tilsette og friviljuge som laga til ei rik gudsteneste. I desse tider er det sanneleg grunn til å syngja Svein Ellingsens salme Vi bærer mange med oss» (NoS 615)!

Den skal vi også syngja når samfunnet vonleg ein gong opnar opp igjen. Salmen er alltid aktuell. Den representerer både vår bøn og vår smerte.

Men vert det fleire å bera? Kva vert resultatet av vår muterte gudstenestepraksis? Den gongen folk heldt husandakt og bad bord- og kveldsbøn gjekk dei kanskje sjeldan til gudsteneste og sjeldnare til nattverd. Men dei fekk undervisning i kristendom i skulen. Og trua levde, fordi ho hadde eit praksisrom i heimen.

Kva skjer med oss når det «andre» praksisrommet manglar, samtidig som gudstenestetalet går frå maks 50 til 20 til 10? Kroppslege mangelsjukdomar kan lækjast ved at legen presist seier kva vitamin vi manglar. Men vil vi oppdaga våre åndelege mangelsjukdomar, eller er vi like tilpassingsdyktige som koronaviruset?

Det gjekk jo greitt i denne tida, ikkje sant? Treng vi då endra så mykje på praksisen, sjølv om dei ytre omstenda endrar seg – og vi igjen «får lov» å gå opp til tempelet med jubelsang?

Guds ord er dyrt i våre dagar (Jfr. 1. Sam. 3). Guds ord er fåhøyrd segn. Det kan vi leva med, ei tid. Men vi kan ikkje leva med at den nye normaliteten, i staden for lengt og klage (jfr. No livnar det i lundar, Nos 844, v. 6), fører til likesæle.

Kva vil skje når det ikkje lenger er regjeringa Solberg eller FHI som gir godt samvit for ikkje å gå til gudsteneste?

Egil Morland