Nyttig bok om nattverden

Egil Morland

Bokmelding, trykt i Dagen 12. april 2021

Professor Ola Tjørhom har en skarp penn. I 2003 konverterte han til den katolske kirke, før han i 2018 vendte tilbake til Den norske kirke. I denne boka underviser han grundig om nattverden som fellesskapssymbol. Her er Egil Morlands vurdering.

Ola Tjørhom: NATTVERD
Vårt Land Forlag 2020
207 s., innb.

Omslaget lovar «en lettfattelig innføring i hva nattverd er.» Det kan nok vera litt opp til auga som ser (og les). Men teologiprofessor em. Ola Tjørhom har fått plass til svært mykje mellom permane på denne vesle boka. Den er også lett å finna fram i og god å halda i handa.

I ti kapittel fører Tjørhom oss gjennom dei mest vanlege teologiske omgrepa som både samlar og skil kristne i nattverdssyn og -praksis, vidare gjennom historiske utviklingstrekk og impulsar frå nyare økumeniske samtalar. Dei tre siste kapitla rettar eit (svært forsiktig) søkelys mot nattverdfeiring og nattverdpraksis i dag. Her presenterer forfattaren også nokre trekk ved det han slår til lyd for: ein «materialistisk spiritualitet».

Det aller mest sentrale for Tjørhom er realpresensen i nattverden. Måltidet er Kristus-nærværets sakrament. Det fører då også til at det er likskapen mellom lutherske, katolske, anglikanske og – i nokon mon – ortodokse kyrkjer som vert understreka, medan avstanden til reformerte kyrkjer og tilsvarande «syn» innan våre kyrkjer er tydeleg. Men her er ingen sterke broddar. For forfattaren viser korleis økumeniske samtalar og avtalar dei siste 30 åra både har ført til eit mildare klima kristne imellom, og ein vilje til å praktisera eit ope nattverdbord. Alt i nattverden siktar nemleg mot dét.

Dermed kjem også dilemmaet fram: For dei som står oss nærast – i det som gjeld realpresensen – praktiserer jo slett ikkje dette. Den katolske kyrkja krev jamvel at du må dela denne kyrkja sin intensjon (dvs. lære) i nattverdssynet for å delta i måltidet. Tjørhom, som sjølv var katolikk i femten år frå 2003, legg ikkje skjul på at den største vansken for fellesskap rundt bordet er det Luther kalla nattverdens babylonske fangenskap, der det tredje fangenskapet er messeofferlæra. Luther knytte nattverden som nådemåltid til læra om rettferdiggjeringa: Alt er gåve, ikkje krav. Alt er nåde, og eitkvart forsøk på «motyting» vert avvist.

Ola Tjørhom har i heile sitt akademiske og kyrkjepolitiske liv vore ein meister i å problematisera. I denne boka er han berre konstruktiv. Men eg skulle gjerne ønskt at han, t.d. i presentasjonen av økumeniske framsteg, hadde gitt noko meir rom til kritikken som der kjem fram mot dei nordeuropeiske folkekyrkjene, ikkje minst i dåpspraksisen. Han viser jo nettopp det nære sambandet mellom dåp og  nattverd i denne boka. På same viset er han nesten underdanig i omtalen av barnekommunionspraksisen i Den norske kyrkja (Dnk).

Det er i det heile tydeleg, for meg nesten påfallande, kor «trygt» forfattaren har beina planta i Dnk og hennar praksis på dei fleste område. Vi skal likevel merka oss dei milde, men absolutt gode, råda han gir til ein praksis som skal løfta fram Kristi reale nærvær mellom oss.

Vi møter den «gamle» Tjørhom – rabulisten – helst i det avsluttande kapitlet om ein «materialistisk spiritualitet». Her flyg sosialetiske «sanningar» litt for snøgt og høgt, derfor blir fallhøgda tilsvarande. I det som gjeld nattverdens konkrete, materiale og reale vesen er eg heilt på linje. Det som gjeld dei diakonale fordringar og utfordringar, som ein konsekvens av dette, likeså. Dét poenget hadde stått sterkare utan Greta Thunberg og Maggie Thatcher som sanningsvitne.

 

Egil Morland