Var Paulus kristen? - Bokmelding

Egil Morland

Bokmelding, trykt i Dagen 5. april 2021

Det vekte oppsikt da professor ved MF, Karl Olav Sandnes, utgav boken «Var Paulus kristen?». Her er Egil Morlands vurdering.

Provoserande spørsmål: VAR PAULUS KRISTEN?

Karl Olav Sandnes
VAR PAULUS KRISTEN?
Har kirken forstått hans teologi og tro?
Efrem Forlag 2021
248 s. Paperb.

Ein provokasjon

Spørsmålet er provoserande. Slik var det også meint, skriv forfattaren (ss. 17 og 226). For kva er alternativet? Dersom han som er tilskriven 13 brev i NT ikkje var ein «kristen», han som var apostel for heile verda, medan dei 11 «berre» fekk ansvar for Israel, kor er vi då?

Provokasjonen har vore vellykka, for så vidt som dei «nye» forskingposisjonane Sandnes presenterer, men som han seinare i boka professoralt mildt avviser, har fått desidert mest merksemd i intervju og reportasjar.

Sandnes sin ambisjon er å gje ein brei presentasjon av det som akademikarar yndar å kalla «forskingsfronten» innnafor paulinsk teologi. Det greier han godt. Det pedagogiske grepet repetisjon er flittig brukt, i håp om å halda lesaren på sporet. Intensjonen er å ha den tenkjande bibellesaren med heile vegen, gjerne med ein open Bibel framfor seg, slik forfattaren rår til.

To temakrinsar

Boka er innom ei rad sentrale teologiske omgrep, men alle kan grupperast under to gjenomgåande temakrinsar: «Det nye perspektivet» og «Paulus innanfor jødedommen». Begge utfordrar det Sandnes kallar «det gamle perspektivet» i Paulus-forskinga, som, forenkla sagt, les Paulus i eit kyrkjesogeperspektiv, gjerne med eit dogmatisk teologisk lærefokus. Det er t.d. lett å sjå Paulus og Luther tidlaust saman, for deretter å lesa Paulus ut frå ein avklåra luthersk teologi. Dette perspektivet har teke for gitt at skiljet mellom jødedom og kristendom skjer tidleg, at det var ein ny, «kristen» religion Paulus vende om til etter Damaskushendinga, og at alt som Paulus – i ulike brev – skriv om lova, gjeld det som ei seinare teologisk avklaring kallar lovtrældom. Som kjent er det denne teologien også seinare vekkingsrørsler har stått på skuldrane til, når hovudsaka: den enkelte si frelse og rettferdiggjering ved tru utan lovgjerningar, vert forkynt.

Sjølv presiserer Sandnes mange gonger at han står på skuldrane til talsmenn for «det nye perspektivet», både når han sluttar seg til og når  ha kritiserer dette. Det er ingen fast grunn å stå på, noko forfattaren sjølv fleire stader viser døme på.

Det nye perspektivet

Men først litt om dette «nye perspektivet». Det «er opptatt av at apostelens brev er pragmatisk orientert». Paulus måtte ta stilling til konkrete problem og situasjonar. Korleis leve saman som jødar og Messias-truande? Paulus rosa seg av si lovoppfylling: Korleis kan då lova vere god, samstundes som ho gjer synda større? Ut i frå dette vart teologien til, ikkje motsett.

I dette perspektivet var Paulus og breva hans mykje meir av ein prosess over ganske lang tid. Paulus tilhøyrde jødedommen også etter at Jesus openberra seg for han.

Her fell det nye perspektivet saman med det som vert kalla «Paulus innanfor jødedommen», der enkelte talsmenn – forenkla sagt – kan redusera oppgjeret hans med Lova til berre å bli ein diskusjon om omskjering og liknande. Det er ikkje vanskeleg å forstå at ei slik forståing får vanskar med Rom 3,21 ff, Rom 7-8 og  mangt anna – eller heile galatarbrevet, for den saks skuld. I  denne retninga må ein nesten tenkja at jødane står utanfor det Paulus skriv i Rom, 18 – 3,20. Difor avviser dei fremste talsmennene for denne grunnforståinga eigentleg det universelle (allmengyldige) i Paulus sin teologi. Sandnes sjølv er tydeleg på at han avviser denne posisjonen (s. 163).

Det kan sjølvsagt ha appell til grupper med heilt ulik motivasjon å sjå Paulus slik: Ei (tilsynelatande) oppvurdering av jødedommen og synet på Israel i Guds frelsesplan. Men grunntanken i denne retninga forvirrar også: Premisset «for «Paulus innenfor jødedommen» gjør en tidlig adskilelse mer naturlig enn [en] senere, samtidig som retningens identitet forutsetter og argumenterer for en sen adskillelse» (s. 210)!

Samstundes syndar og rettferdig?

Det er ei lang rekkje åndelege og teologiske spørsmål som vert virvla opp i denne boka. Her skal berre eitt nemnast, nemleg det «kjære» lutherske uttrykket om at eit kristenmenneske er «samstundes rettferdig og syndar» (latin: simul justus et peccator). Sandnes skriv at dette er «i tråd med» Paulus (s. 177), men ikkje dersom det framstiller saka som ein statisk vesenstilstand i den truande, og at den «framande» rettferda som Gud tilreknar syndaren, ikkje vedkjem den eksistensielle kampen her i livet. Eit nøkkelord for Sandnes (og talsmenn for det nye perspektivet) til å forstå Paulus er at den truande, og mangfaldet av truande, er «i Kristus», og at kampen mellom kjøt og Ande stadig skjer i oss. Difor er det ikkje romarbrevet (7, 14-25), men Gal 5, 16-18 som best kan visa på kva premissar vi talar rett om den rettferdiggjorde syndaren. Uttrykket må altså ha i seg eit dynamisk aspekt. «Samtidig» tyder då ikkje «konstant» eller «uforanderleg», om eg skjønar forfattaren rett.

Dét er ei tilnærming som absolutt bør føra til mange stimulerande samtaler. Det er heller ingen tvil om at ei slik lesing av Paulus har ført til fruktbare økumeniske samtalar om tilhøvet mellom nåde og rettferdiggjering, og på forståinga av kva det tyder å «arbeida på si frelse» (Fil 2,12).

Er det nye eigentleg nytt?

Undervegs i lesinga grip eg meg stadig i å spørja: Er det eigentleg så nytt, dette såkalla nye perspektivet? Kanskje i det som gjeld konklusjonar, men absolutt ikkje i tematikk! Eg triv pensumboka mi frå tidleg 1970-tal i bokhylla (Ridderbos 1966: Paulus), gjennomlesen, understreka og kollokvert med ein av Sandnes sine seinare professorkollegaer (!). Her finn eg alt: Paulus som mystikar, Paulus som apokalyptikar, Paulus i eskatologisk perspektiv, Paulus og lova, og ikkje minst: framstillinga av synda si makt og kva det tyder å vera «i Kristus». Til og med det nye perspektivet si understreking av at vi må leggja vekt på dei kollektive og frelseshistoriske, ikkje berre det personlege og individuelle, er med. Men til skilnad frå somme av konklusjonane i det som er presentert ovanfor, legg Ridderbos vekta på at å vera «i Kristus» er å vera krossfest, død, gravlagt og oppstaden med han.

Sandnes skriv som nemnt mange stader at han står på skuldrane til «det nye perspektivet». Det forstår eg slik at han tek med seg alle innsikter i si eiga forsking. Men står han då på skuldrane deira? Han skriv då også over alt inn ord som «reiser tvil om» konklusjonane, eller at desse er «overdrevet» eller ikkje «naturleg». Fleire gonger skriv han at det nye perspektivet er «altfor smalt». Her kan ein lek lesar gjerne erstatta «smalt» med «galt», fordi perspektivet fører til konklusjonar som er umoglege i eit heilbibelsk perspektiv.

Når det er sagt: Det er ei stor, lita bok Karl Olav Sandnes har skrive. Den fortener både å lesast og drøftast!

 

Egil Morland