"For ein ukjend Gud". Religionsteologiske implikasjonar i arbeidet med omsettinga av Gud til santali

Rolf Kjøde

(Publisert i Norsk tidsskrift for misjonsvitenskap, nr. 2, 2022)

Denne artikkelen ser nærare på omsettinga av gudsnemninga Elohim/Theos  til språket santali dei siste tiåra av 1800-talet. Sentralt i dette stod den norske pionermisjonæren Lars Olsen Skrefsrud (1840-1910). Ei gammal santalisk historie fortel om Thakar-Jiu, skaparen av alt som lever. Skrevsrud meinte at dette namnet burde brukast om den bibelske Gud på santali. Andre argumenterte for ulike andre løysingar, og denne artikkelen presenterer nokre av argumenta i diskusjonen. Frå dette utgangspunktet går artikkelen vidare til ein breiare diskusjon om omsetjing av namnet på Gud, med både religionsteologiske, bibelske og antropologiske perspektiv. Førestillinga om ein fjern Skapargud som er bortanfor og over alt som finst, er svært vanleg i gamle kulturar både i Afrika og Asia. Kan vi frå dette slutte at det finst ein form for "ur-monoteisme"?

Les artikkelen her: https://journals.mf.no/ntm/article/view/5516/4516