Modeller i kjemiundervisning - et eksempel på hvordan de kan bidra til læring og feillæring

Heidi Iren Saure o.a.

(Publisert i Nordic Studies in Science Education, nr. 2, 2021)

Naturfaglærarar brukar ofte modellar når vi skal konkretisere korleis alt er bygd opp av små og usynlege partiklar, slik som atom og molekyl. Denne studien undersøkjer korleis analogiane i «viftemodellen» kan bidra til kunnskapar om molekyleigenskapar, og om viftemodellen hjelper respondentane (elevar på 7. trinn og naturfagstudentar) når dei skal forklare kva som skjer i elevforsøk med papirkromatografi. Viftemodellen er ein del av eit «rikt undervisingsopplegg» som ligg tilgjengeleg for lærarar på Naturfag.no.

Både elevar og naturfagstudentar oppfattar analogiane i viftemodellen, og studentane gjer dette i større grad enn elevane. Eit positiv resultat er at analogiane i viftemodellen bidreg til auka kunnskapar om at molekyl kan ha ulike eigenskapar, men viftemodellen legg vekt på fleire eigenskapar som ikkje er relevante for det som faktisk skjer i elevforsøket den skal representere (modellere). Såleis forsterkar viftemodellen faglege misforståingar om kva som skjer i elevforsøket. Vi drøftar bruken av modellar, og trekkjer fram «Teaching with analogies-modellen» (Glynn 2007) som ein god hjelp for lærarar når dei nyttar analogimodellar i eiga undervising.

Les heile artikkelen her.