A Peculiar New Genus of Bibionomorpha (Diptera) with Brachycera-Like Modification of Antennae from Mid-Cretaceous Amber of Myanmar

Jan Ševcík, John Skartveit, Wiesław Krzeminski and Kornelia Skibinska

Norsk samandrag

Rav frå Myanmar stammar frå midten av Kritt-tida, om lag 98 millionar år før notid. Det har blitt vunne ut nokså store mengder av dette ravet dei siste åra og det har vist seg å innehalda eit stort mangfald av hittil ukjende, utdøydde insektformer. Desse kan kasta lys over mange aspekt ved insekta si evolusjonshistorie. Denne artikkelen tek for seg ei hittil ukjent slekt av fossile mygg som er slekta med den moderne familien hårmygg (Bibionidae). Slekta Burmahesperinus, som omfattar tre hittil kjende artar, utmerkar seg særleg med liten (om lag 2 millimeter), slank kropp og reduserte antennar, der dei to innerste ledda er normalt utsjåande, ledda utanfor desse er derimot reduserte til ein tynn børste. Den systematiske plasseringa av denne slekta er førebels uviss, men ho kan representera ei tidleg grein av familien hårmygg. Eit materiale på berre fire eksemplar inneheldt tre nye artar, dette kan tyda på at denne slekta har hatt eit stort artsmangfald og det er truleg at mange fleire artar kan verta oppdaga framover.

Les heile artikkelen her.