The Role of Hymns in the Norwegian Church, Culture, and Society
(Publisert i I Mohnike, Thomas & Søren Blak Hjortshøj: Forgotten Roots of the Nordic Welfare State in Protestant Cultures. 2025. Brepols (Belgia).)
I artikkelen min peikar eg på den påverknaden salmesongen hadde på innføringa av reformasjonen i Noreg og den sterke kulturelle posisjonen salmane framleis har. Dette skuldast ikkje minst at mange av dei danske tekstane tidleg fekk følgje av norske folketonar, men også ein stor salmeproduksjon på norsk grunn. Salmen var ein sjanger både i kyrkja og skulen, og blant «folk flest» både ved dei store høva og ved andakta i heimen. Men dei religiøse praksisane endrast, og songen har mista mykje av plassen sin i privatlivet. Fellessong har også trongare kår i ei rekkje kristelege forsamlingar, og i skulen har salmesongen tagna. Også i det offentlege rommet er det færre arenaer der det vert sunge, og sunge salmar, medan den kommersielle salmesongen, til dømes ved julekonsertar, held seg godt.