Samfunnsfag

Sosial sciences and humanities

Alle tema som på ein eller annan måte fell inn under fagområda historie, geografi og samfunnskunnskap er relevante for gruppa. Men hovudfokuset rettar seg likevel mot skulen og samfunnsdidaktiske problemstillingar.

Målet er få å eit betre innblikk i og forståing for kva «god samfunnsfagundervising» er på alle trinn i grunnskulen. Meir konkret går dette på metodiske grep, relevant fagteori, lærings- og kunnskapssyn, kritiske blikk på læreplanverk og overordna utdanningspolitiske rammer og føringar for faget. Samstundes må det vera rom for  fagspesifikke tema, metodiske prosedyrer og teoretiske tilnærmingar som går på samfunnsfaget meir generelt.

Gruppa skal vera ein stad for fagleg fundert ordskifte, kritisk refleksjon manusvurdering, utvikling av nye prosjekt (inkl. søknadsskriving), arrangør av fagdagar, konferansar mm. Ho skal i det heile vera ein ressurs for medlemmene i ein travel kvardag. Fleire av medlemmene sit på «halvferdige» arbeid. Eit viktig mål på kort sikt er difor å få ferdigstilt og publisert desse 

Medlemmer  

Lars Gaute Jøssang, professor 
Harald Borgebund, fyrsteamanuensis
Katrine Mellingen Bjerke, høgskulelektor
Julie Borge, førsteamanuensis II
Rolf Halse, fyrsteamanuensis
Helga Bjørke Harnes, høgskulelektor
Torstein Hestnes, høgskolelektor
Elise Margrethe Vike Johannessen
Anna Nøkland, høgskulelektor
Åshild Samnøy, fyrstelektor
​​Kari-Mette Walman Hidle, Professor
Magne Maurset, høgskulelektor

Aktivitetsnivå

Regelen har vore ei samling kvar fjortande dag, måndagar frå 1430 til 1530.

Aktivitetsprofil

Då NLA må få opp produksjonen av artiklar, bøker m.m., har det bestemt mykje av innhaldet. Det betyr at medlemmene har lagt fram artikkelutkast, bokkapittel og liknande på samlingane . Etter ei kort innleiing av NN, har resten av «timen» gått med til spørsmål og kommentarar. Det har i det store og heile fungert godt.

Noko større gruppeprosjekt har det innimellom vore nemnt på. Men for tida er ikkje det så realistisk å få til. Derimot har tanken om eit antologiprosjekt – med fleire bidragsytararar frå gruppa  - blitt diskutert. Det er ei sak ein kjem attende til over sommaren.

Kontaktinformasjon  

Leiar av gruppa: professor Lars Gaute Jøssang
Prorektor for forskning og utvikling: Torgeir Landro