Gode råd for studentar som vil bli journalistar

Om du vil bli journalist eller arbeide med kommunikasjon, er det viktig å knyte kontaktar og lurt å vere fleksibel i starten. Fleire råd får du her, frå tidlegare NLA-student, Ingvild Straume, som no er seksjonssjef for Avdeling for samfunnskontakt og kommunikasjon ved OsloMet.

Kva gjer ein på Avdeling for samfunnskontakt og kommunikasjon?

–Eg leiar seksjon for samfunnskontakt og forskingsformidling, og har ansvar for å følgje opp arbeidet til universitetet med formidling av forskinga vår, verksemds- og internkommunikasjon, kontakt med samfunnsliv og media, interne og eksterne nettsider, blogg og sosiale media. Eg jobbar også med kommunikasjonsrådgiving for ulike prosjekt, einingar og aktivitetar ved OsloMet. Seksjonen har 15 medarbeidarar som eg har personalansvar for, og eg har òg budsjettansvar for seksjonen.

Ikkje ver redd for å flytte på deg!

Fleire av NLAs studentar i Kristiansand drøymer om å bli journalistar, og Ingvild Straume har gode råd for å nå målet. Mellom anna bør ein vere open for å flytte litt på seg og Straume kan vise til at ho gjorde nettopp det.

–Det første året arbeidde eg i lokalradio i Trondheim, lokalavis i Setesdal og frilansa også for ulike aviser landet rundt. Då fekk eg både prøve meg på svært ulike fagfelt, og fekk god trening innan foto, radiojournalistikk og skriving. Denne erfaringa danna grunnlaget for jobbsøking i Oslo, då eg etter kvart flytta hit, fortel ho.

–Tenk breitt i jobbsøking, er også eit råd ho kjem med. –Det finst mange spennande journalist- og kommunikasjonsjobbar innanfor friviljuge organisasjonar, i offentleg verksemd og i næringslivet. Her får du ofte høve til å jobbe både med tradisjonelt redaksjonelt arbeid og innanfor digital kommunikasjon. I tillegg lærer du å arbeide opp mot mange ulike målgrupper og nettverk.

Bygg eit kontaktnett

Å ha ein god LindkedIn-profil viser seg å vere viktig på vegen mot journalistyrket og Straume seier det er ein effektiv måte å byggje nettverk på.
 – Der kan du profilere deg både gjennom innhaldet du deler og grupper du deltek i, og gjennom din eigen LinkedIn-profil. Eg kan anbefale denne introduksjonen til LinkedIn ved min kollega Jeff Lugowe ved OsloMet.

Korleis er sjansane for å få ein jobb i journalist- og kommunikasjonsbransjen?

–Eg trur det er gode sjansar for å få jobb dersom du er open for ulike type journalist- og kommunikasjonsjobbar i starten av karrieren. Etter kvart kan du spesialisere deg innanfor det området du ønskjer å fordjupe deg i, eller du kan søkje leiarjobbar i bransjen. Eg underviser også på media- og kommunikasjonsstudiet ved OsloMet, og det er også mange spennande karrieremoglegheiter innanfor høgare utdanning og forsking.
Hald kontakten med medstudentar!

Dei første kontaktane du får, er medstudentane dine

–Hald kontakten med tidlegare medstudentar, eller kontakt alumni frå NLA som kan gje deg tips om jobbar. Gå saman med medstudentar og inviter til meetup, med foredragshaldarar frå bransjen. Ta initiativet sjølv og skap møteplassar, er nok eit råd frå ei dame som no har lang erfaring og ein variert karriere.

Ingvild Straume starta si utdanning med eit år på Journalistikk ved NLA i Kristiansand, Mediehøgskulen Gimlekollen i 1992/1993.  – Det leia meg vidare til bachelorgrad i kommunikasjon frå Northwestern University i St. Paul, USA. Etter at eg var ferdig med utdanninga, jobba eg som journalist eit år, før eg begynte å arbeide med kommunikasjon for Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU). Eg kom til OsloMet i 2003. Her har eg jobba med eit breitt spekter av oppgåver innan alt frå studentrekruttering og marknadsføring til pressearbeid og digital rådgjeving. Denne erfaringa danna grunnlaget for at eg gjekk over i stillinga som seksjonssjef i kommunikasjonsavdelinga ved universitetet for eit par år sidan, summerer ho opp.