P263 Spesialpedagogikk og interkulturell pedagogikk i et systemperspektiv

Alle versjoner:
P263 (2022—2023)
P263 (2021—2022)
P263 (2019—2020)
P263 (2018—2019)
P263 (2017—2018)

Emnekode: P263

Emnenavn: Spesialpedagogikk og interkulturell pedagogikk i et systemperspektiv

Undervisningssemester: Høst

Steder: Bergen (Sandviken)

Studieår: 2022–2023

Undervisningsspråk: Norsk

Studiepoeng: 15 poeng

Enkeltemne: Ja

Opptak: Søk opptak på lokal søknadsweb

Forkunnskapskrav

Føresetnader for å kunne få opptak til dette emnet er at studenten:

  • har fullført og bestått P101-104 Pedagogiske grunnlagsproblem. Oppsedings- og undervisningslære. Pedagogisk psykologi. Pedagogisk sosiologi (40stp) eller tilsvarande.

eller

  • har fullført og bestått lærar-/barnehagelærarutdanning som gir bachelorkompetanse. Dersom lærarutdanninga er fireårig, kan studentar takast opp på P263 etter å ha fullført tre år av utdanninga.

Avgrensa tal plassar. Studentar på NLA sine bachelorprogram vert prioriterte, og er sikra plass om dei kvalifiserer. Ved ledige plassar kan eksterne søkjarar få plass. Barnehagelærarar vert prioriterte, og vert ved behov rangerte etter karakterane i den relevante graden. For andre søkjarar vert rangeringsreglar i Forskrift om studier ved NLA Høgskolen lagt til grunn.

Anbefalte forkunnskaper

P259 Tilpasset opplæring , spesialpedagogikk og interkulturell pedagogikk

Relevans i studieprogrammet

  • Valfritt emne i bachelor pedagogikk.
  • Valfritt, men tilrådd emne i bachelor pedagogikk med vekt på spesialpedagogikk og interkulturell pedagogikk.

Innledning

Emnet gir ei grunnleggande innføring i spesialpedagogikk i eit systemperspektiv med utgangspunkt i grunnlagsproblem basert på spesialpedagogikkens historie og utviklinga av ein skule for alle.

«Læringsutbytte» sikrar at studentane etter gjennomført emne har tilegna seg eit visst minimum av kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse, men formålet for studiet omfattar dessutan den personlege tileigninga av kunnskapane og dei moralske haldningane som bør prege pedagogar gjennom livet som heilskap.

 

Innhaldet og arbeids- og evalueringsformene er valt med tanke på at studiet skal gje studentane eit grunnlag for å identifisere seg med og ta eit sjølvstendig personleg ansvar for dei oppgåvene og dei utfordringane dei vil stå overfor som pedagogar i hjelpeapparatet i møte med sårbare barn og unge.

Læringsutbytte

Kunnskap 

Studenten

  • Har brei kunnskap om systemperspektivet i møte med sårbare barn/unge og deira foreldre
  • Har brei kunnskap om problemstillingar knytt til systemarbeid i barnehage og skule i forhold til tidleg innsats og inkludering.
  • Har grunnleggande kunnskap om lovgrunnlag og rettar for barn og unge med ulike vanskar, ulik kulturell bakgrunn og vanskelege livssituasjonar.
  • Har grunnleggande kunnskap om dei ulike hjelpeinstansane si rolle og funksjon overfor sårbare barn og unge
  • Har med bakgrunn i historia grunnleggande kunnskap om aktuelle utfordringar knytta til barn og unges livs- og opplæringssituasjon i dag.
  • Kjenner til forsking og utviklingarbeid for sårbare barn og unge.
  • Har grunnleggande kunnskap om intensjonen med spesialpedagogikk som fagdisiplin i dagens samfunn.

Ferdigheiter 

Studenten

  • Kan bruke fagleg kunnskap om praktiske og teoretiske problemstillingar knytt til dei nemnde områda og treffe grunngjevne val.
  • Kan drøfte og vurdere det faglege og etiske ansvar ulike hjelpeinstansane har overfor sårbare barn og unge, kvar for seg og i samarbeid.
  • Kan drøfte og vurdere eiga rolle i dei miljøa ein sjølv er del av når det gjeld å møte sårbare barn og unge og deira foreldre.
  • Kan drøfte og ta stilling til viktige faktorar som fremjar tverrprofesjonelt samarbeid i eit systemperspektiv.
  • Kan drøfte og vurdere sentrale utfordringar knytt til elevar med funksjonsnedsettingar og til minoritetselevar i eit systemperspektiv.
  • Kjenner til saksgangen og tiltakskjeden knytt til spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning.

Generell kompetanse

Studenten

  • Har innsikt i og kan formidle sentralt fagstoff om spesialpedagogisk arbeid i ein inkluderande barnehage og skule.
  • Har innsikt i og kan formidle sentralt fagstoff knytt til inkludering av minoritetsspråklege barn og unge i barnehage og skule.
  • Har innsikt i rolla som profesjonelle har knytt til tenester for sårbarebarn og unge i lys av etikk og lovverk.
  • Kan vurdere korleis spesialpedagogikk og interkulturell pedagogikk kvar for seg og i samspel kan bidra til ralisering av ein inkluderande barnehage og skule.

Innhold

  • Spesialpedagogikk og interkulturell pedagogikk; fagas rolle og oppgåver i eit systemperspektiv.
  • Barn og unge i randsona; førebygging, gjennomføring og fråfall i skulen
  • Ivaretaking av kompleksiteten i mangfaldet; spesialpedagogikk og interkulturell pedagogikk i samspel i barnehage og skule
  • Tverrfagleg samarbeid og tilrettelegging - ulike hjelpeinstansars rolle og funksjon på individ- og systemnivå.
  • Individuell plan (IP) - moglegheiter og utfordringar i hjelpeapparatet.
  • Barn og unge si stemme i møte med hjelpeapparatet.
  • Profesjonsetikk og tverrfagleg samarbeid i møte med sårbare barn og unge.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisning tilbys som 7 forelesningar og 5 seminar. Seminara er obligatoriske og krev aktiv deltakeling i samtalar og drøfting organisert som gruppearbeid.

Arbeidsomfang

Omlag 450 timar.

Arbeidskrav

Aktiv deltakelse på minst 4 av 5 obligatoriske seminarer á ca. 3 timer.

Seminarene er en kombinasjon av forelesninger og gruppearbeid av ulik art. Studentene blir inndelt i relativt faste grupper, og seminarene er bygd opp om sentrale problemstillinger og tema for emnet.

Ved sykdom eller andre tvingende grunner kan deltakelse på ett av fire seminarer erstattes med en alternativ/skriftlig oppgave.

Vurderingsuttrykk arbeidskrav

Godkjent / ikkje godkjent.

Godkjent forutset deltaking på minimum 4 av 5 seminar.

Avsluttende vurdering

Skriftleg, individuell heimeeksamen over tre dagar. Akademisk tekst på maksimum 3000 ord.

Tillatte hjelpemidler

Alle.

Vurderingsuttrykk avsluttende vurdering

Det vert gitt gradert karakter frå A-F, der F er ikkje greidd.

Eksamensspråk

Norsk eller skandinaviske språk. Engelsk kan godkjennast etter søknad.

Praksis

Ingen.

Evaluering av emnet

Emnevaluering etter kvalitetssystemet for NLA Høgskolen.

Tilbys som enkeltemne

Ja

Digital litteraturliste

https://bibsys-ud.alma.exlibrisgroup.com/leganto/public/47BIBSYS_NLA/lists?&auth=SAML&courseCode=UE_254_P263_1_2022_HØST_1