Skriv og referer

Få tips om kva du må tenkje på når du skal skrive oppgåver, og korleis du refererer korrekt.

 

Oppgåveskriving

Det første du bør gjere i arbeidet med ei oppgåve er å søke etter relevant litteratur. Dette kan vere tidkrevjande arbeid, så set av nok tid. Dersom du finn bøker eller artiklar du vil bestille inn frå andre bibliotek er det også viktig at du er ute i god tid. Ei god oppgåve viser kjennskap til fagområdet, og kan drøfte ei problemstilling basert på eit breitt kjeldemateriale. Tips om korleis du kan komme i gang med søkinga finn du her.

Medan du skriv er det viktig å referere ordentleg til kjeldene dine. Ved å referere viser du at du kan forholde deg til aktuell forsking og det fagfeltet du skriv innan. Du viser at du kan basere eigne tankar og resonnement på det andre har skrive før, samtidig som du krediterer kjeldene dine. Å ikkje referere skikkeleg, men framstille andre sine ord som sine eige er plagiat, og det kan få alvorlege konsekvensar. Sist men ikkje minst må du referere for at innhaldet ditt skal kunne etterprøvast. Det skal vere mogleg for den som les oppgåva di å finne tilbake til den kjelda du viser til.

Gode ressursar du kan bruke i oppgåveskrivinga

Søk & Skriv tek for seg heile prosessen rundt oppgåveskriving. Her får du hjelp til søketeknikk, korleis lese fagtekstar, korleis du kan gå fram med sjølve skrivinga og korleis du set opp referansar på rett måte. Søk og Skriv har referanse-eksempel frå blant anna APA, Vancouver og Harvard.

Kildekompasset fokuserer på kjeldekritikk og referansebruk. Skal du skrive litteraturliste i APA, så bruk kildekompasset! Sida har også gode tips til kva du skal sjå etter for å vurdere om ei kjelde er god eller ikkje.

Veiledninger frå NLA

Mal for oppgavetekster (Staffeldtsgate)

Mal for skriving av referanser på norsk i APA-stil ved Pedagogikkseksjonen (Sandviken)

Korte filmsnutter om akademisk skriving, laget av NLA Høgskolen.

Hugs at NLAs studentar har gratis tilgang til Office-pakka med blant anna Word, Excel, Powerpoint og lagring i OneDrive. Referanseprogrammet Endnote er også tilgjengelig for studentar.