Søk og finn

Korleis søke


Her er nokre tips til kva du bør tenke på før du går i gang med søkinga.

Tenk igjennom kva du leiter etter

Formuler problemstillinga di med stikkord, og tenk ut nokre ulike synonym og kombinasjonar av ord. Finn gjerne søkeord både på norsk og engelsk.

Kva type kjelder er du på jakt etter?

Bøker eller tidskriftartiklar?
Skal det vere norske kjelder eller utanlandske?
Dette vil hjelpe deg å velje aktuelle databasar å søke i. Oria er eit godt verktøy, både i startfasen og generelt i søkeprosessen. Her får du treff både i trykte og digitale bøker, tidsskrift, avhandlingar og mykje anna. 

Gjer deg kjend med ulike søketeknikkar

Trunkering

Du kan utvide eit søk ved å søke på ordstammen og legge på eit trunkeringsteikn, vanlegvis *. Eit søk på barn* vil då inkludere treff på barndom, barnehage, barnevern osv.

Frasesøk

Dersom du vil søke på ei frase, altså fleire ord i ei bestemt rekkefølge, vil du i mange basar måtte bruke hermeteikn rundt frasen, til dømes «Noregs grunnlov» eller «Global oppvarming».


Får du for mange treff kan du prøve å søke på fleire stikkord samtidig, får du for få treff kan det lønne seg å søke breiare. Det viktigaste er å prøve seg fram!

 

Kvar skal eg søke?

Bøker og e-bøker

Både trykte og elektroniske bøker finn du i Oria. Her er Oria-rettleiing. Trykte bøker som ikkje er inne på ditt eige bibliotek kan bestillast inn, anten frå eit av dei andre NLA biblioteka, eller frå andre høgskule- og universitetsbibliotek.
Er det bøker biblioteket ikkje har, som du synst vi burde ha? Send gjerne eit innkjøpsforslag.

Biblioteket har tilgang til tusenvis av e-bøker! Dei fleste gjennom databasen Ebsco, du kan lese meir om korleis du lastar ned e-bøker her. Merk at e-bøker dessverre ikkje kan lånast inn frå andre bibliotek.

Tidsskrift og tidsskriftartiklar

Alle tidsskrift biblioteket har kan søkast opp i Oria. Der får du informasjon om kva årgangar biblioteket har tilgang til, og ved elektroniske tidsskrift blir du lenka vidare til sjølve tidsskriftet.
Er du på jakt etter artiklar om eit emne, kan du godt starte søket i Oria. Her får du treff på det meste vi abonnerer på. Du kan også søke direkte i fagspesifikke basar. Den største basen for norske og nordiske tidsskrift er Idunn.


Masteroppgåver og avhandlingar

Masteroppgåver som NLA-studentar har skrive finn du i NLA Brage. Masteroppgåver frå andre institusjonar finn du ved å søke i Oria, og avgrense på materialtype. Du kan også søke i Nora, der du finn ope tilgjengelege publikasjonar frå høgskular og universitet.


Ordbøker og oppslagsverk

Via Ordnett har du tilgang til ordbøker i norsk, engelsk, tysk, spansk og fransk, i tillegg til økonomisk norsk-engelsk ordbok. I tillegg er Nynorskordboka og Bokmålsordboka frå Språkrådet/UiB ein svært god ressurs, som ligg ope tilgjengeleg. Allkunne og Store norske leksikon er gode generelle oppslagsverk.

Trykte ordbøker og oppslagsverk kan du søke opp i Oria.

Offentleg informasjon

Stortingsmeldingar og NOUar finn du i Oria, men kan også søkast opp direkte på regjeringen.no, der dei ligg i fulltekst. Offisiell statistikk frå Statistisk Sentralbyrå finn du på ssb.no. Oppdaterte lover finn du i fulltekst på Lovdata. Lovdata Pro er den utvida abonnementsversjonen, som inneheld endå fleire rettskjelder.

Aviser og avisartiklar

Alle biblioteka abonnerer på eit utval trykte aviser. Via databasen Atekst får du også tilgang til dei fleste norske aviser i fulltekst, allereie same dag eller dagen etter dei kom på papir.