✨ Nye nla.no er lansert! Vi finjusterer fortsatt, så mindre feil kan forekomme.

Utanlandspraksis i lærarutdanningane

7667313a-9ed0-4464-bf07-cd8d19f988b1

Utanlandspraksis for lærarstudentar

Lærarstudentane ved NLA Høgskolen har tilbod om utanlandspraksis som del av den ordinære praksisopplæringa i studiet.

  • 4-5 veker i et land i det globale Sør
  • Praksis ved ein lokal utdanningsinstitusjon

Slik kan dei læra noko om korleis undervisning og opplæring av barn og unge kan skje i ein annan kultur. Studentane får erfara kulturmøte med dei kommunikasjonsutfordringar som følgjer med, og dei får øva seg i fleksibilitet og toleranse overfor menneske med andre ståstader.

Kvar kan studentane reisa?

Etiopia, Kenya, Madagaskar og Nepal er døme på land der studentane har hatt utanlandspraksis i seinare tid.

Kven kan reisa?

I retningslinene for utanlandspraksis for lærarstudentane er det sett følgjande vilkår: “Studenten må ha bestått alle tidligere praksisperioder og må i disse ha vist evne til ansvarlighet, selvstendighet, engasjement og initiativ og et rimelig faglig nivå. Studenten bør følge normal studieprogresjon med et rimelig faglig nivå, og normalt ikke ha eksamener utestående.” Dessutan heiter det at studentar som er under særskild skikka­vurdering, ikkje kan ha utanlandspraksis.

pexels-armin-rimoldi-5553065

Grunnskulelærarar

For grunnskulelærarstudentane er tilbodet knytt til ein av praksisperiodane tredje studieår (anten haust eller vår), og informasjonsmøte om denne praksisen vert arrangert tidleg i fjerde semester av utdanninga. Søknadsfristen er 15. mars i andre studieår.

Kontakt for utanlandspraksis GLU Bergen: Åshild Samnøy

Kontakt for utanlandspraksis GLU Oslo: Marianne Ramirez

e59fbb66-7bf8-4a0f-8472-c2ed2b2e9217

Barnehagelærarar

For barnehagelærarstudentane ligg tilbodet om utanlandspraksis som ein del av kunnskapsområdet SRLE. Denne praksisen er plassert i tredje semester for heiltidsstudentane på BLU, medan aBLU og dBLU får tilbodet i femte semester  (praksis i november/desember). Informasjonsmøta vert arrangert tidleg på våren same året som det er utanlandspraksis, og søknadsfristen er 15. mars.

Kontakt for utanlandspraksis for BLU, aBLU og dBLU både i Bergen og Oslo: Jan Magne Steinhovden

Har du spørsmål?

Ta kontakt
Åshild Samnøy

Åshild Samnøy

Førstelektor

NLA Høgskolen Kalfaret, Bergen

Lærerutdanning, samfunnsfag
Marianne Ramirez

Marianne Ramirez

Praksiskonsulent GLU

NLA Høgskolen Staffeldtsgate, Oslo

Lærerutdanning, praksis
Jan Magne Steinhovden

Jan Magne Steinhovden

Høgskolelektor/seksjonsansvarlig

NLA Høgskolen Kalfaret, Bergen

Lærerutdanning, musikk