✨ Nye nla.no er lansert! Vi finjusterer fortsatt, så mindre feil kan forekomme.

Apostelgjerningane og eit utval tekstar utanfor Det nye testamentet frå kring 100 e.Kr

Denne avhandlinga tek føre seg spørsmålet kring Apostelgjerningane sitt forhold til andre tekstar. Desse andre tekstane har til felles at dei alle er utanfor Det nye testamentet og vert datert til kring 100 e.Kr. Analysen tek utgangspunkt i tekstane frå Josefus som skildrar dei tre opprørarane Judas frå Galilea, Tevdas og Egyptaren. Ein ser òg på dei tekstane som skildrar Kong Agrippa og systera hans Berenike. Ein skal òg sjå på eit utval av tekstar frå Dei apostoliske fedrane, spesifikt 1.Klemensbrev og Polykarp sitt brev til Filipparane.

For å analysere desse tekstane vert det brukt ei liste på 7 kriterium. Desse kriteria ser på kjeldevising, implisitt kunnskap, overlapp andre stadar, språklege parallellar, retorisk design, teikn til redigering og språkleg inkongruens. Dette gjev eit grunding innblikk i korleis desse tekstane overlappar med kvarandre.

Blant tekstane over blir det konkludert med ulike tekstforhold. Det blir argumentert for at overlappa med Josefus i hovudsak viser teikn til å vere bruk av ei felles kjelde/tradisjonsmateriale. Blant overlappa med 1.Klem og Pol.Fil vert det konkludert med at 2/3 bruk ei tredje kjelde, medan ei av tekstane til Po.Fil. viser høgt sannsyn for å ha eit direkte forhold til Apg.
Publisert i 2026
Les artikkelen her