✨ Nye nla.no er lansert! Vi finjusterer fortsatt, så mindre feil kan forekomme.

alt

Argumentasjonsferdigheit i naturfag. Samspel mellom naturfagleg kunnskap og undervisingsmetodar som fremjar argumentasjonsferdigheit .

Denne studien ser på korleis tre undervisingsmetodar i kombinasjon betra argumentasjonsferdigheita til elevar i ein klasse på 9./10. trinn. Undervisingsmetodane som studien fokuserar på er grubleteikningar, rollespel og studentresponssystem. Studien er kvalitativ og det mest sentrale datamaterialet er lydopptak frå gruppediskusjonar med åtte elevar før og etter to undervisingsperiodar i klassen. Undervisinga tok opp emne i naturfag ved hjelp av dei nemnde metodane. Argumentasjonsferdigheita til elevane er analysert ut frå strukturen og innhaldet i før- og etterdiskusjonen. Den strukturelle analysen tek i bruk Stephen Toulmin sin modell for bestanddelane i argumentasjon. Der vert argument samansett av fleire ulike bestanddelar sett på som kvalitetsargument. Når det gjeld innhaldet vert variert, relevant og korrekt fagspråk sett på som kvalitetsteikn på innhaldet i argumentasjonen. Som bakteppe for studien er også Deanna Kuhn si bok om argumentasjon viktig, samt ei rekkje internasjonale studiar av argumentasjon i skulen frå dei siste 20 åra. Resultata viser at elevane på enkelte område la for dagen ein framgang i argumentasjonsferdigheit frå før til etter undervisingsopplegga. På andre område er det mindre framgang å spora. Dette gjeld ikkje minst oppgåver der elevane ikkje fekk undervising i det aktuelle temaet. Hovudfunna peikar mellom anna på at framgang i argumentasjonsferdigheit krev inngåande læringsarbeid over lang tid med god variasjon i undervisingsmetodar.
Publisert i 2016
Les artikkelen her