✨ Nye nla.no er lansert! Vi finjusterer fortsatt, så mindre feil kan forekomme.

alt

Bidrar til betre integrering i Europa. Om UiAs Horizon2020 - prosjekt RePAST.

Når forskarar frå EU og UiA hentar fram gamle konfliktar i Europa og ser korleis dei verte framstilte i dag, er det for at barn og unge skal kunne leve betre saman i morgon.

– Etter at vi alle har arbeidt med kvart vårt tema i eit halvt år nå, startar prosjektet verkeleg å ta form. Det styrker også trua på at vi kan få fram ny kunnskap gjennom forsking som kan føre til betre integrasjon i Europa på sikt.

Det seier dosent Kenneth Andresen ved UiA sitt institutt for nordisk og mediefag, som nylig kom heim frå det første halvårsmøtet i Horizon 2020-prosjektet RePAST i Brussel. Det treårige prosjektet, som EU-kommisjonen støttar med 2,5 millioner euro, fokuserer på korleis gamle konfliktar i Europa blusser opp igjen med ujamne mellomrom og splitter meir enn inkluderer menneska som vert rørt av dei.
Publisert i 2018
Les artikkelen her