✨ Nye nla.no er lansert! Vi finjusterer fortsatt, så mindre feil kan forekomme.

Bokstavinnlæring i norskfaget. Ideal og realitetar i bokstavbøkene

Formålet med denne studien er å sjå på kva dugleikar elevane på første trinn trener på når dei arbeider i bokstavbøkene. Problemstillinga for prosjektet er: Kva dugleikar blir det lagt opp til at elevane skal øve på i ulike bokstavbøker på første trinn, og kva implikasjonar kan dette ha for val av læreverk? For å svare på problemstillinga har eg gjort ei innhaldsanalyse av oppgåvene i bøkene: Fabel 1 Arbeidsbok A (Grønli et al., 2020), Norsk 1 Bokstavbok (Syverinsen & Aambø, 2019), Ordriket Bokstavbok 1 (Bjerke et al., 2020) og Salto 1A Arbeidsbok (Fjeld et al., 2019). Eg har analysert, kategorisert og samanlikna oppgåvene i kvar bok for å sjå kva dugleikar oppgåvene trenar på. Eg har tatt utganspunkt i forsking som peiker på at elevane tener godt på ei intensiv bokstavinnlæring med rask bokstavprogresjon, men at det òg er sentralt å få brukt skriftspråket i meiningsfulle samanhengar. Tidlegare gjennomførte masterstudie peiker på at det ikkje er i læreverka ein finn den mest meiningsfulle bruken av bokstavane. Difor har eg basert meg på at bokstavbøkene bør stå for den intensive og grunnleggjande bokstavinnlæringa, som gjev trening på deldugleikar eleven treng for å tileigne seg sikker bokstavkunnskap og fonologisk medvit. Funn frå studien viser at ein stor del av oppgåvene i bokstavbøkene handlar om bruk av bokstavane gjennom lesing eller skriving av tekst. Det er i tillegg store skilnadar mellom bøkene på kor stort fokus dei har på trening på grunnleggjande bokstavkunnskap. Alt i alt er det Ordriket som har både flest og best oppgåver som gjev intensiv bokstavinnlæring. Abstract ii Abstract The purpose of this study is to investigate what skills the students in the first grade practice when they work in the workbooks that introduces letters. The problem statement of the project is: What skills are facilitated for students to practise in various workbooks in the first grade, and what implications may this have for the choice of educational materials? To answer the problem statement, I have analysed the contents of the tasks in the flowing books: Fabel 1 Arbeidsbok A (Grønli et al., 2020), Norsk 1 Bokstavbok (Syverinsen & Aambø, 2019), Ordriket Bokstavbok 1 (Bjerke et al., 2020) og Salto 1A Arbeidsbok (Fjeld et al., 2019). I have analysed, categorised, and compared the tasks in each book to see what skills each task practice. I have based this thesis on research that indicate that the students benefit greatly from intensive training in letter knowledge with a faster pace of letter instruction, but also the fact that it is important for the students to use the written language in meaningful contexts. Previous master’s theses conclude that it is not in the textbooks you find the most meaningful use of the letters. Because of this, I have based this thesis on the thought that the workbooks should contain the intensive and basic training in letter knowledge, containing training in the partial skills that the students need to acquire letter knowledge and phonemic awareness. Findings from the study show that a big part of the tasks in the workbooks contain use of the letters through reading or writing of text. There is also a big difference between the books in how much emphasis they put on training the basic letter knowledge. Summed up it is Ordriket that has both the most and the best tasks to give the students an intensive training in letter knowledge.
Publisert i 2024
Les artikkelen her