"Dei begynner her" - Barn blant ull, troll og tidleg literasitet.
Denne artikkelen diskuterer korleis barn kan utvikle tidleg litterasitet i ein norsk barnehagekontekst. Vi argumenterer for at ei holistisk, naturleg, sosial tilnærming til litterasitet gir rike moglegheiter til å utvikle litterasitet. Vi legg vekt på korleis ulike litterasitetspraksisar, inkludert samtalar med ulike abstraksjonsnivå, planlagde litterasitetshendingar og vekt på det fysiske miljøet gir rom for det Burnett og Merchant (2020) kallar litterasitet-som-hending, små mikrohendingar der litterasitetshendingar blir, eller ikkje blir, sette ut i livet. Vi viser fram og diskuterer praksisen i ein barnehage som etter vårt syn har lykkast med å skape eit språk- og litterasitetsfremjande miljø for barna i barnehagen. Barna møter litterasitet-som-hending og blir merksame på korleis tekst og skrift er meiningsfylt. Vi hevdar at ei slik tilnærming til litterasitet stemmer overeins med den skandinaviske barnehagetradisjonen. Materialet vårt er både observasjonar, fotografi, biletmateriale skapt av barna (digitalt materiale, måleri og teikningar), intervju med pedagogisk leiar og praksisforteljingar.
Publisert i Barn – forskning om barn og barndom i Norden, 2026
Les artikkelen her