✨ Nye nla.no er lansert! Vi finjusterer fortsatt, så mindre feil kan forekomme.

alt

Drivarar og hindringar for innovasjon og entreprenørskap innanfor fornybar energi. Analyse av fire prosjekt i Sogn og Fjordane

I dette kapittelet skildrar og drøftar vi fire prosjekt frå Sogn og Fjordane som kan forklare drivarar og barrierar for utviklinga av fornybar energi. Sogn og Fjordane vert nytta som studieområde fordi fylket har ei sentral rolle i overgangen til fornybar energi. I mange land er det enten energiavhengnad eller økonomi som er dei primære drivarane for å utvikle ny fornybar energi. Dette mønsteret finn vi ikkje i dei fire prosjekta som er skildra i denne studien. Tvert om så ser vi at det er sosiale forhold, eller forventningar om sosialt grunngjeven aktivitet, som er den viktigaste drivkrafta. I alle prosjekta har det vore forventningar frå lokalsamfunnet til aktivitet som kunne generere arbeidsplassar eller lokale økonomiske ringverknader. Dei fire prosjekta syner at det, enten gjennom innovasjon eller gjennom entreprenørskap, er det sosiale aspektet som er den viktigaste drivaren for overgangen til fornybar energi.
Publisert i 2017
Les artikkelen her