✨ Nye nla.no er lansert! Vi finjusterer fortsatt, så mindre feil kan forekomme.

alt

Dugnadsgruppe 5 på MONS16: «Ordlaging i norsk: nye grenseoppgangar mellom avleiing og samansetning – teoretiske og praktiske perspektiv»

Dugnadsgruppa tok opp norsk morfologi frå eit samansetningsperspektiv, med 6 inviterte innlegg med 30 minutt kvar (innlegg på 20 min. + 10 min. diskusjon). Bakgrunnen var det store arbeidet som var blitt gjort i ordbanken for nynorsk og for bokmål, der ein la leddanalyse på heile lemmainventaret i dei to ordbankane, sjå http://www.edd.uio.no/perl/search/search.cgi?appid=72&tabid=3174 for bokmål og http://www.edd.uio.no/perl/search/search.cgi?appid=73&tabid=2562 for nynorsk.
Lemmainventaret i ordbankane fell i to store grupper, simpleksord og ord som inneheld to hovudledd. Den siste gruppa har vidare fått ei tagging av kvart ledd, noko meir utførleg for det ordklasseberande etterleddet enn for forleddet. Der forleddet eller etterleddet ikkje fullt ut er eit eige ord, er dette signalisert ved bruk av bindestrek.
Databasene gir høve til å sjå på mykje interessant materiale som tidlegare har vore lite omtala i norsk morfologi, sjølv om dette stort sett er leksikaliserte samansetningar og avleiingar. Ein har her tilrettelagte data for å finne fram til nye samanhengar og morfologiske eigenskapar ved norsk. Leddanalysearbeidet behandlar praktisk kvar grensene går i overgangen mellom samansetningar, ordliknande etterledd og forledd og reine affiks, men kva teoretiske perspektiv kan vi nytte? Eller sett frå den andre sida, kva teoretiske bidrag kan dette arbeidet gi? “Eingongsorda” er også viktige vitne om orddanningsprosessane, kva rolle spelar ikkje-leksikaliserte samansetningar om ein samanliknar dei med leksikalisert materiale? Andre problemstillingar gjeld den språkteknologiske sida av leddanalysen: Kan dette brukast til å lage ein maskinell leddanalysator? Kan det vere nyttig for talesyntese?
Dugnadsgruppa vil ta for seg ulike tema innanfor feltet samansetningar, avleiingar og anna ordlaging i norsk. Arbeida er vinkla på ulike måtar, morfologisk, syntaktisk, historisk eller semantisk, eller ser på dei meir språkteknologiske sidene.
Publisert i 16. Møte Om Norsk Språk, 2015
Les artikkelen her