Eldsjeler i Framtidsfylket. Kven er dei og korleis få fleire av dei til Sogn og Fjordane?
Datamaterialet er henta frå ei undersøking av 524 personar registrert på ei nettside administrert av organisasjonen Framtidsfylket i Sogn og Fjordane. Analysane viste at personar med høg eldsjelfaktor har større entreprenørlyst enn andre, og at menn har høgare eldsjelfaktor enn kvinner. Personar oppvaksne og busette i Sogn og Fjordane har monaleg lægre eldsjelfaktor enn andre. Respondentar med høg eldsjelfaktor legg betydeleg vekt på arbeid- og karriererelaterte attraksjonsfaktorar som gode karrieremulegheiter både for seg sjølv og for ektefelle/partnar, eit variert næringsliv og gode kommunikasjonar når dei skal velje framtidig bustad og arbeidsplass.
Publisert i 2017
Les artikkelen her