Etiopia: Media og journalistikk
Mediestrukturen i Etiopia kan beskrivast som statskontrollert pluralisme. Det eksisterer nokon grad av mediemangfald, men kanalar som markerer seg som tydeleg opposisjonelle er under press. Opposisjonelle aviser har sjeldan ei levetid på meir enn 3-4 år. Uavhengige aviser og radiostasjonar med ein mindre kontroversiell politisk profil er derimot stabile, og ser ut til å ha lagt eit grunnlag for å kunna eksistera i mange år.
Journalistikken i statsmedia er prega av ein servil og forutsigbar reportasjestil med fokus på offisielle rapportar og utviklingssaker. Journalistikken i private mediekanalar er hendingsorientert og meir populær blant publikum, men det er få undersøkjande saker. Journalistar både i statseigde og private medium utøver sjølvsensur. Saker som på ein eller måte vedkjem terrorisme er særleg kontroversielt. Også religiøs og etnisk konflikt, spenningar på Afrikas Horn og politisk opposisjonell aktivitet er sensitive område å rapportera om. Å kritisera regjeringspartiet er akseptabelt, men kritikken bør vera balansert om ein skal unngå represaliar.
Styresmaktene driv systematisk sensur av opposisjonelle nettsider og utvalde radiosendingar produsert av etiopiarar i eksil. Etiopiske innbyggjarar får likevel tilgang til ein del av stoffet gjennom Facebook eller andre kanalar. Innsetjinga av Hailemariam Desalegn som statsminister etter Meles Zenawi (september 2012) har ikkje medført noka vesentleg endring i etiopisk mediepolitikk.

Publisert i 2014
Les artikkelen her