Frå særskild norskopplæring til ordinær undervising. Kartlegging av minoritetsspråklege elevar sine norskferdigheiter i grunnskulen
Formålet med denne masteroppgåva har vore å finne ut av korleis ein kartlegg språket til minoritetsspråklege elevar når ein vurderer å flytte dei over frå særskild norskopplæring til ordinær undervising. Her har eg sett på kartleggingsverktøy som vert tatt i bruk, kor godt desse fungerer, kven som kartlegg elevane, og kven som er involvert i avgjerda om å flytte elevane til ordinær undervising, eller ikkje. Studia er basert på kvalitative intervju med fem informantar med varierande erfaring på området, frå fire ulike skular. Sidan den norske skulen får ei aukande mengd minoritetsspråklege elevar, og dermed fleire elevar som skal få tilbod om særskild språkopplæring, vil språkkartlegging vera sentralt for å kunne tilpasse undervisinga og for å finne ut om eleven er klar for å følgje ordinær undervising eller ikkje. Tidlegare forsking viser blant anna at mange slit med å vite når ein elev er klar for ordinær undervising, då det ikkje finst retningslinjer eller klare definisjonar på kva som ligg i frasen frå Opplæringslova: «tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen» (Opplæringslova, 1998). Forsking viser at det er eit mangelfullt utval av kartleggingsverktøy som fungerer godt for minoritetsspråklege elevar. I funna kjem det fram at kartleggingspraksisen hjå informantane er ulik. Alle informantane bruker kartleggingsverktøy som er utvikla for å kartlegge språket til minoritetsspråklege elevar, men ikkje alle bruker resultata frå desse til å avgjere om eleven har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje ordinær undervising. Dei tek altså høgde for ein del andre ting når dei skal ta slike avgjerder, blant anna læringsutbytte og hospitering. Det vert retta kritikk mot kartleggingsverktøya sitt språk og funksjonalitet, og det kjem fram at kartleggingsprosessen krev mykje kunnskap og erfaring frå kartleggarane, då prosessen må gjennomførast med stor grad av skjønn.
Publisert i 2024
Les artikkelen her