[intervju] Vil ha slutt på spørsmål om samlivsform for tilsette i Den norske kyrkja
Ein ny artikkel skriven av Harald Hegstad i MF-tidsskriftet Luthersk Kirketidende har skapt debatt om kyrkja og LHBTQ+-personar.
I artikkelen argumenterer Hegstad for at den tradisjonelle vurderinga av homofilt samliv ikkje lar seg etisk grunngje på ein god måte. Han har sjølv endra syn, og roser dei som var tidleg ute.
– Vi kan ikkje halde reglane for reglane si skuld, seier Hegstad som er professor i systematisk teologi ved MF vitenskapelig høyskole i Oslo, til Dagen.
Lars Dahle er førsteamanuensis i teologi ved NLA Høgskolen Gimlekollen. Han reagerer sterkt på artikkelen til Hegstad, som han meiner manglar god argumentasjon.
– Eg hadde forventa ein meir saksvarande bruk av Skrifta frå ein så anerkjend og dyktig teolog.

Publisert i 2022
Les artikkelen her