✨ Nye nla.no er lansert! Vi finjusterer fortsatt, så mindre feil kan forekomme.

alt

Kan ein journalist bera krossmykke? Tre posisjonar i debatten

Ei sentral problemstilling i nyhendejournalistikken er spørsmålet om i kva grad journalisten kan gje til kjenne eigen identitet utan at det kjem i konflikt med idealet om objektiv og upartisk nyhendeformidling. Spørsmålet er stadig tilbakevendande i profesjonsmiljøet, og frå tid til anna oppstår episodar som løftar diskusjonen inn i det offentlege rommet. Dette skjedde i november 2013 i den såkalla krossmykkedebatten, som hadde bakgrunn i at distriktssjefen i NRK Sørlandet hadde bedd eit nyhendeanker slutta å bruka eit halskjede med kross som ho hadde brukt ved eit høve i kveldsnyhenda. Ifølgje NRK hadde sjåarar reagert på smykket. Då saka vart kjend, førte den til ein stor offentleg diskusjon om kor vidt ein nyhendejournalist kan bruka eit religiøst symbol, og om NRK hadde gått for langt i å diktera det visuelle uttrykket til ein journalist.

Dette paperet er ein analyse av den offentlege krossmykkedebatten i november 2013. Målet med analysen er å identifisera ulike posisjonar i debatten, og å drøfta korleis desse forheld seg til teoriar om journalistisk profesjonalitet. Materialet for studien er samansett av ein seleksjon av artiklar og innlegg i ordskiftet i utvalde norske papiraviser, nettaviser og sosiale mediekanalar basert på søkjeord.

Studien identifiserer tre posisjonar i debatten. Den første er kulturposisjonen, som dominerte ein del av nettdebatten med å hevda at NRK er ein trussel mot norsk kultur når kanalen nektar medarbeidarane sine å bruka eit symbol som er så innarbeidd i folkekulturen. Den andre er profesjonalitetsposisjonen, som var målboren av NRK-leiinga, og som fekk støtte av mellom anna kollegaer i TV 2. Denne posisjonen gjer spørsmålet om religiøse symbol til eit spørsmål om profesjonalitet, og held fram at journalistisk profesjonalitet er i konflikt med alle uttrykk som kan tolkast politisk, religiøst eller på anna måte partisk. Det mest brukte omgrepet for å forsvara denne posisjonen er «nøytralitet». Den tredje posisjonen, identitetsposisjonen, problematiserer måten NRK brukar nøytralitetsargumentet på, og hevdar at symbolnekten i røynda er ein overflatisk måte å glatta over personleg identitet i eit pluralistisk samfunn der individuelle uttrykk pressar seg fram i stadig større grad. Paperet drøftar, i lys av desse posisjonane, nye utviklingstrekk i diskusjonen om journalistisk profesjonalitet og integritet.
Publisert i Norsk medieforskarlags 16. nasjonale konferanse, Trondheim, 2014
Les artikkelen her