✨ Nye nla.no er lansert! Vi finjusterer fortsatt, så mindre feil kan forekomme.

Korleis blir det arbeidd med smakspreferansar i barnehagen?

Utvikling av smakspreferansar har betydning for barns helse og kosthaldvanar (DeCosmi et al., 2017;
WHO, 2018). Denne studien undersøker korleis pedagogiske leiarar arbeider med måltidssituasjonen
for å fremme utvikling av barns smakspreferansar i tydinga å like og akseptere ulike matvarer. Rundt
92 % av alle norske barn mellom 1 og 5 år går i barnehage, og 40-60 prosent av barns matinntak blir
dekt gjennom måltida i barnehagen (Kost- og energiforbundet & Forbrukerrådet, 2018). Å støtte
16
utvikling av barns smakspreferansar kan føre til eit meir variert kosthald og dermed betre helse på
kort og lang sikt. Strategiar i dette arbeidet er i studien knytt til tilvenning og eksponering, sosial
læring, energiberiking og «smaksbruer» (Korsnes & Sandvik, 2020). Denne kvalitative studien har
samla data ved hjelp av fokusgruppeintervju (Halkier & Gjerpe, 2010) i 6 ulike barnehagar med til
saman 21 pedagogiske leiarar og 2 styrarar som informantar. Resultata peiker på bruk av dei to
strategiane tilvenning og eksponering og sosial læring som dei einaste brukte, medan energiberiking
og «smaksbruer» er fråverande. Resultata peiker også på mykje monoton mat i barnehagen, som er
uheldig med tanke på eit variert kosthald. Sameleis finn studien at rollemodelleffekten frå personalet
er avgrensa når personale og barn ikkje et same maten. Rollemodelleffekten barna imellom er
derimot meir tydeleg. Studien rettar søkelyset på behovet for meir fagkompetanse i barnehagens
arbeid med utvikling av barns smakspreferansar. Studien understrekar også behovet for meir forsking
på korleis personalet arbeider med utvikling av smakspreferansar og tilsvarande element som gjeld
barnas ernæring og kosthald i barnehagen. Dette er særleg relevant i eit folkehelseperspektiv
(Kunnskapsdepartementet, 2017).
Publisert i Norsk barnehageforskningskonferanse 2021, 2021
Les artikkelen her