Korleis forstår eit utval KRLE-lærarar omgrepet «forkynnande» i opplæringslova §2-4, med særleg tanke på undervisninga i klasserommet?
KRLE-faget har følgjande forskrift i opplæringslova: «Undervisninga i faget skal ikkje vere forkynnande» (Opplæringslova, 1998, §2-4). Føremålet med denne masteroppgåva var difor å undersøke nærarar korleis lærarar forstod grenseomgrepet forkynning i opplæringslova §2-4. Eg ville også sjå kva avgrensingar dette gav lærarane i si KRLE-undervisning. Bakgrunnen for dette var å auke kunnskapen om korleis dette omgrepet blir forstått av lærar, og få eit inntrykk om dei er samstemde. Oppgåvas problemstilling er difor følgjande: Korleis forstår eit utval KRLE-lærarar omgrepet «forkynnande» i opplæringslova §2-4, med særleg tanke på undervisninga i klasserommet? For å utføre undersøkinga fullførte eg fire semistrukturert-intervju. Mine informantar var alle KRLE-lærarar på 5.-10.klasse. Igjennom desse fekk eg eit innblikk i korleis dei forstod grenseomgrepet forkynnande, og vidare utgreiingar om kva perspektiv dei opna opp for i si undervisning. For å analysere og drøfte mitt forskingsarbeid brukte eg ein sjølvkonstruert modell som tar utgangspunkt i Eidhamar sin perspektivmangfaldsmodell(Eidhamar, 2019, s.27). Perspektiva har eg følgjande gradert frå mjuk til hard, som beskriver i kva grad ein lærar meina perspektivet er forkynnande. Mine funn viser at det er ei spenning i møte med korleis omgrepet forkynning tolkast og avgrensast. Det er også mange forhold knytt opp mot omgrepet, blant anna kulturarven og Kristendommen. Samstundes stilles det spørsmål om kor aktuelt dette grenseomgrepet er i dag. Det er med bakgrunn i endringane som har skjedd i samfunnet, samstundes det vide tolkingsrommet omgrepet gir. Det er også ulikt i kva grad perspektiva målast som hard og mjuk av informantane og teoretikarane. Det er ulik praksis frå lærar til lærar for kor forkynningsgrensa går inn mot dei fire perspektiva, blant anna inn mot gudsteneste og religiøse tekstar. Det var også to premiss som måtte innfriast for at lærarane skulle kunne opne opp for sitt personlege perspektiv i undervisninga: For det første måtte det vere frå elevane sitt initiativ, og for det andre måtte ein tilpasse seg situasjonen.
Publisert i 2024
Les artikkelen her