✨ Nye nla.no er lansert! Vi finjusterer fortsatt, så mindre feil kan forekomme.

Korleis meistrar elevar med autisme fjellturar og konsertar? Ein kvalitativ intervjustudie av foreldre sine erfaringar med annleise skuledagar

Denne studien handlar om korleis elevar med autisme meistrar annleise skuledagar. Ekskursjonar, skidagar og juleavslutningar er døme på skuledagar utan vanleg timeplan. Slike dagar bryt med ordinære rutinar og stiller høge krav til sosial kommunikasjon. Begge deler kan vera utfordrande for menneske med autisme. Dei fleste foreldre kjenner barna sine godt, og foreldre til elevar med autisme fungerer ofte som ein avgjerande støtte gjennom heile skulegangen og langt inn i vaksenlivet. Derfor er det deira stemme som har kome til orde i denne studien, og problemstillinga lyder slik: Korleis erfarer foreldre at elevar med autisme meistrar annleise skuledagar? Det finst mykje forsking på tilrettelegging i klasserommet, men det er lite å finna om dei aktivitetane som skjer elles i skulelivet. Formålet med studien er å auka merksemda rundt utfordringane på annleise skuledagar, og at auka merksemd kan føra til forståing for tilretteleggingsbehov. Studien er avgrensa til høgtfungerande elevar med autisme på ungdomstrinnet. Undersøkinga av problemstillinga vart gjort gjennom kvalitative, semistrukturerte intervju. Informantane er fem foreldre frå fem forskjellige kommunar i Sør-Noreg. Studien tek utgangspunkt i ei fenomenologisk og hermeneutisk tilnærming. I analysen av datamaterialet blir det nytta både deduktiv og induktiv framgangsmåte. Det sentrale funnet er at annleise skuledagar er ei stor påkjenning for elevar med autisme, og at foreldra ynskjer betre tilrettelegging slik at barna kan meistra fleire slike dagar. Studien viser at det i større grad går an å meistra dagane dersom elevane er godt førebudde og kjenner seg trygge. Dersom skulen greier å redusera påkjenningane, er sjansen større for at elevane meistrar. Grundig tilrettelegging med vekt på stabile rammer og positive opplevingar, planlagt saman med elevane og foreldra, kan bidra til utvikling av både faglege og sosiale ferdigheiter, og såleis auka motivasjonen til å bli med fleire gongar. Dilemmaet knytt til elevar med autisme sitt behov for deltaking i det sosiale samspelet blir drøfta opp mot behovet for å utvikla seg og læra på sine eigne måtar. Eit anna viktig funn er at foreldra saknar kunnskap om autisme i skulen. Med utgangspunkt i dette, blir det drøfta korleis heim og skule kan samarbeida for å auka kunnskapen. Vidare handlar drøftinga om kompleksiteten i skulen som institusjon, der læraren på den eine sida skal ta omsyn til alle elevane, og på den andre sida den kapasiteten som ligg i kollegiet for å gjera kunnskapsbaserte endringar som fører til relevant tilrettelegging for elevar med autisme.
Publisert i 2020
Les artikkelen her