Kva medborgarar ynskjer vi?: Ein analyse av korleis ulike perspektiv på medborgarskap kjem til uttrykk i lærebøkene Arena 8 og Samfunnsfag 8
Medborgarskap er eit tema som har fått vind i segla dei siste åra, og det er godt representert i den nye læreplanen, LK20. Nyare studiar viser at norske elevar sin evne til å vere fungerande medborgarar i både politikken og samfunnet har blitt dårlegare dei siste åra, samstundes som valdeltakinga i både kommune- og stortingsval går ned.
Denne masteroppgåva har som formål å sjå kva formar for medborgarskap som kjem til uttrykk i to lærebøker i samfunnsfag for 8. trinnet, Arena 8: samfunnsfag (Hellerud et al., 2020), utgitt av Aschehoug, og Samfunnsfag 8: fra Cappelen Damm (Bredahl et al., 2020), utgitt av Cappelen Damm. Begge desse lærebøkene er skriven etter LK20. Analysen er ein kvalitativ innhaldsanalyse som nyttar idealtypar som analytisk teknikk. Analysen går ut på å finne ut korleis fire ulike perspektiv på medborgarskap kjem til uttrykk i lærebøkene. Desse perspektiva er liberalt medborgarskap, republikansk medborgarskap, deliberativt medborgarskap og radikalt medborgarskap. Hensikta med prosjektet er å sjå kva perspektiv på medborgarskap lærebokforfattarane meiner er viktige at elevar på ungdomstrinnet, her 8. trinnet, skal bli danna etter.
Resultata frå analysen viser at det er særleg to perspektiv på medborgarskap som er tilstadeverande i lærebøkene, det liberale perspektivet og det republikanske perspektivet. Det liberale perspektivet er det som kjem mest til syne i begge lærebøkene. Det er stor fokus på menneskjerettar som individets fridom og den representative deltakinga gjennom val og interessegrupper. I det republikanske perspektivet er fellesskap og solidaritet verdiar lærebokforfattarane ser på som viktig. Dei to andre perspektiva, deliberativt- og radikalt medborgarskap kjem mindre til syne, der det radikale medborgarskapsperspektivet nesten ikkje er å finne.
Funna frå analysen blir drøfta opp mot eit teoretisk rammeverk som er blitt lagt fram i avhandlinga, og dei er blitt drøfta opp mot LK20, for å sjå om lærebøkene gjenspeilar idear ein finn i læreplanen.

Publisert i 2025
Les artikkelen her