Kva skaper eldsjeler i rurale strøk? Ein studie av vidaregåande elevar i to rurale regionar: Sogn og Fjordane og Sunnmøre
Eldsjeler er av natur personar som kan få ting til å skje. Dei kan derfor spele ei sentral rolle i ein rural og marginalisert region, for eksempel når det gjeld å etablere små bedrifter og verksemder. Dette bidreg til å auke levestandarden og velferda i rurale område gjennom utvikling og forbetring av kjeldene til livsopphald og gjennom auka konkurranseevne. Sjølv om det er forska mykje på proaktiv personlegdom – eller eldsjeler – har ikkje forskarane vore like opptekne av proaktiv personlegdom i rurale område. Dessutan blir proaktiv personlegdom vanlegvis rekna som ein uavhengig variabel i forskingslitteraturen. Men vi meiner det må vere nokre forklaringsfaktorar som ligg til grunn for ein proaktiv personlegdom. Denne artikkelen prøver derfor å tette desse hòla i forskinga ved å undersøkje forklaringsfaktorane for ein proaktiv personlegdom hos unge menneske i rurale regionar. Til dette bruker vi data frå ei spørjeundersøking om entreprenørskap og karriereval blant elevar i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Vi fann ut at opplevd støtte frå familie og vener er viktig for å utvikle ein proaktiv personlegdom. Men også variablar knytte til elevanes karriereanker spelar inn, og aller viktigast er ønsket om å bli leiar og motivasjonen for å skape noko nytt.
Publisert i 2017
Les artikkelen her