✨ Nye nla.no er lansert! Vi finjusterer fortsatt, så mindre feil kan forekomme.

alt

Kyrkjeleg biletbruk. Eit studium av den norske kyrkjesalmen

Kva skjer med dei språklege bileta i ein salme som blir revidert og teken med frå tid til tid og salmebok til salmebok? Dette spørsmålet ønskjer avhandlinga «Kyrkjeleg biletbruk. Eit studium av den norske kyrkjesalmen» å svara på. Med bilete forstår eg både konkrete sanselege referansar og meir abstrakte fenomen og omgrep. Northrop Fryes «Theory of symbols» frå Anatomy of Criticism (1957) utgjer teoretisk og metodisk grunnlag for dette arbeidet. Frye les teksten i ulike fasar: den bokstavelege, deskriptive, formelle, mytiske og anagogiske. Fem salmebøker frå norsk salmehistorie er representerte i materialet: Den Forordnede Nye Kirke-Psalme-Bog (1699, «Kingos salmebok» eller «Kingo»), Landstads Kirkesalmebog (1870); M. B. Landstads Kirkesalmebok revidert og forøket (1926), Nynorsk Salmebok (1925) og Norsk Salmebok (1985). Tekstkorpuset som utgjer materialet mitt, inneheld salmar som både står i «Kingo» (1699) og i Norsk Salmebok (1985). Det utgjer om lag 80 salmar, dei fleste er med i fleire enn dei to salmebøkene. Her er nokre av funna mine: Ein hovudtendens i revisjonane er at det blir fleire salmar for kvar ny bok, og at dei vert kortare. Undersøkinga mi viser at både utval, revisjon og redaksjon av tekst og bok, påverkar forståinga av salmetekstane. Når salmane blir korta ned, går ofte konkrete bilete tapt, medan meir abstrakte og teoretiske teologiske omgrep og førestillingar blir verande. Bilete som kan assosierast til mørke og død, smerte, djevel og synd, må vika. Jesu liding er detaljert framstilt i Kingos salmebok (1699) og dels i «Landstad» (1870). Også seinare salmebøker seier at Jesus lir og døyr, men dei skildrar det ikkje. Revisjonen av Thomas Kingos pasjonssalmar viser dette tydeleg. I omarbeidingane av desse salmane blir også det firfaldige mønsteret frå quadriga, som Kingo brukar i komposisjonen sin, øydelagt. Sambandet mellom GT og NT som er så tydeleg i salmane i «Kingo» gjennom typologi og quadriga, er lite eksplisitt formidla i salmebøkene etter 1900. Den erotiske biletbruken blir dempa allereie med Landstad. Eit tydeleg døme er «JEsu søde Hukommelse» (K16), ein salme som framstiller nattverden som eit intimt møte mellom Jesus og salmens «eg». Kjærleiken er ofte nemnd i alle salmebøker, også bryllaupet, men det blir færre erotiske bilete etter kvart. Jesus blir meir ein god ven og bror enn ein eldfull brudgom eller ein lidande dødsdømd ein har medkjensle med. Når detaljrikdomen knytt til gudsbileta blir mindre, kan guddommen verka meir fjern. Dei fleste bilete som er knytte til landskap, er meir bibelske enn dei er danske og norske i «Kingo». Landstad har norske innslag i revisjonane sine; dette er ein aukande trend, parallelt med at dei heimlege innslaga blir sterkare i nyskrivne salmar frå 1860 og utover. I salmane på nynorsk, ikkje minst av Elias Blix, finn vi kyst- og havbilete, også i revisjonane. I alle salmebøkene møter vi ein presentisk skapargud som er til stades og syter for at skapningane hans har det dei treng. Men Norsk Salmebok uttrykkjer også ei meir protologisk skapingsforståing når mennesket blir klar over at det øyder den gode jorda Gud har skapt. Mennesket har fått eit tydeleg ansvar for skaparverket, som det vanskeleg kan bera. Det nye økologiske medvitet slår inn i revisjonane i andre helvta av 1900-talet. Mennesket trer noko meir i framgrunnen gjennom revisjonane, ein tendens som blir styrkt om ein jamfører med moderne salmar. Dette er både fordi menneskets liv og tru er det som gjerne står att når noko blir stroke, og fordi guddommen blir noko meir abstrakt. Å studera salmane i dei respektive fasane og over tid, gir innsyn i trus- og fromheitshistoria, men også i språk og smak og ulike straumdrag i diktinga. Kyrkja prøver å tilpassa både retorikk og lyrikk for å høva med ei stadig meir sekulær og bibelframand forsamling. Eit spørsmål som reiser seg, er om revisjonane er forståelege for andre enn den «indre kjerne» i kyrkja.
Publisert i 2024
Les artikkelen her