✨ Nye nla.no er lansert! Vi finjusterer fortsatt, så mindre feil kan forekomme.

alt

Leksikaliseringsprosessar i samansette verb: Adjektiv eller partisipp?

I norsk finn ein verbfraser med etterstilt preposisjon, slik som gå inn, kaste bort, mane fram, men også samansette verb med preposisjonen først, slik som avfolke, etterlikne. Ein god del verb kan ha begge former, men har likevel svært lik tyding slik som utarme/ arme ut, andre har tydeleg meiningsforskjell: inngå og gå inn tyder ikkje det same.
Samansette verb er ulikt forstått: Beito (1970: 146) reknar med ei gruppe laust eller uekte samansette verb som har etterstilt partikkel i infinitiv og finitte former, men er samansette i presens og perfektum partisipp. Supinumformene er typisk usamansette i denne gruppa: har /får kasta bort vs. er bortkasta.
På den andre sida skil Faarlund et al. (1997: 83-87) mellom eigentlege adjektiv og adjektiv avleidde av partisipp. Dei nemner at partisipp oftare har samansett form, men seier ikkje at nokre verb berre har samansett form i partisippa. Skiljet mellom partisipp og adjektiv er her først og fremst syntaktisk forstått, ikkje morfologisk som hos Beito.
Både Faarlund og Beito viser at gruppene ikkje er klart avgrensa.
I presentasjon vil eg bruke korpussøk til å reflektere over leksikalisering av samansette verb i norsk. Er ”partisipp av laust samansette” verb partisipp i det heile, eller avleidde adjektiv? Heng dette saman med visse preposisjonar som har høg frekvens i denne gruppa? Kan det vere særskilde metaforiske meiningar av preposisjonen som styrer når verbet blir fast samansett (Taylor 2002: 330)? Det teoretiske rammeverket eg brukar for ei slik bruksbasert katerorisering hentar eg frå kognitiv lingvistikk (Langacker 2001; Taylor 2002).
Beito, Olav T. (1970), Nynorsk grammatikk: Lyd og ordlære (Oslo: Det norske samlaget).
Faarlund, Jan Terje , Lie, Svein , and Ivar, Vannebo Kjell (1997), Norsk Referansegrammatikk (Oslo: Universitetsforlaget).
Langacker, Ronald W. (2001), 'Discourse in Cognitive Grammar', Cognitive Linguistics, 12 (2), 143-88.
Taylor, John R. (2002), Cognitive gramma (Oxford Textbooks in Linguistics; Oxford: Oxford University Press).
Publisert i 12. konferanse om leksikografi i Norden, 2013
Les artikkelen her