✨ Nye nla.no er lansert! Vi finjusterer fortsatt, så mindre feil kan forekomme.

alt

Maleri for utstillinga Ask & Embla

MELLOM SLÅTTENG OG EDELLAUVSKOG

På ei bratt og ulendt fjellside langs Sørfjorden på Osterøy ligg Havrå, ein
unik gard som heldt i hevd og formidlar måten landbruket vart driven i
førindustriell tid. Havråtunet er eit av Noregs best bevarte klyngetun og
kviler på grunnar med røter attende til busetnader frå tidleg jernalder
(Bøthun & Clemetsen, 2022).

I ei tid prega av intensivt landbruk som gjer jord og plantar sårbar for
skadegjerarar, er hovudmålet for Havrå å verne om verdiane av
kulturlandskapet (s.18). Eit viktig tiltak er å skjøtte lysopningar og
vedlikehalda styva tre, for gradvis å dreie marka attende til slåtteeng. Størst
biologisk verdi ligg det i dei gamle edellauvtrea med høg førekomst av
raudlista lav og sopp.

Målet for mi stadig pågåande utforsking er å komme tettare på dette stadbundne,
analoge samspelet mellom det immaterielle og det materielle (s.11), mellom
handverk, estetikk og nytte. Korleis kan eg ved hjelp av temperateknikk
bevisstgjere og synleggjere verdien av eit rikt, ekstensivt naturmangfald, og
å skape tru på at samarbeid med naturen kan gjenopprette liv og ny vekst.
Publisert i 2025
Les artikkelen her