Merkevareinnovasjon som eit ruralt konkurransefortrinn
Innovasjon blir rekna som ei avgjerande drivkraft for bedrifter si verdiskaping og konkurransekraft. Det er ofte naudsynt med innovasjon for regionale aktørar i konkurranseprega marknadar som reiselivsnæringa, ei næring som til dels er tvungen til å innovere grunna intens konkurranse. Føremålet med denne studien er å undersøke korleis innovasjonar relevante for rurale reiselivsverksemder kan påverke ei merkevare, om dette kan gje noko effekt i form av tilfredse gjester og under kva vilkår desse samanhengane gjeld. Tilfredse gjester bidreg med positiv vareprat, og kan såleis fungere som ein viktig rekrutteringskanal for framtidige gjester. I denne studien er reiselivsverksemda Knutholmen i fiskeværet Kalvåg nærare undersøkt. Verksemda har gjennom fleire tiår opparbeida seg som ei sterk hotellmerkevare i regionen, og deler både moglegheiter og utfordringar knytt til innovasjon med andre rurale reiselivsverksemder. Verksemda er nytta for å vise til eit konkret døme på ein merkevareinnovasjon og kva effekt dette har på gjestetilfredsheit og dermed lønnsemd. Rammeverket i denne studien kan vere nyttig som inspirasjon for innovasjonar for andre hotell og for korleis desse hotella kan utvikle sine unike profilar til å byggje eigne merkevarer.
Publisert i 2024
Les artikkelen her