✨ Nye nla.no er lansert! Vi finjusterer fortsatt, så mindre feil kan forekomme.

Misoppfatningar i brøk på 6. trinn: Ein kvantitativ samanlikning av utbreiing etter LK06 og LK20

Målet med denne studien har vore å undersøkje utbreiinga av fem spesifikke misoppfatningar knytt til brøk på 6. trinn, og samanlikne resultata med forsking på same tematikk under LK06. Med utgangspunkt i eit oppgåvesett med diagnostiske oppgåver har eg samla inn og analysert svar frå 61 elevar. Målet har vore å vurdere om det har skjedd endringar i førekomsten av misoppfatningar, og tolke dette i lys av relevant teori og dei intensjonane som ligg til grunn for LK20.

Resultata viser at fleire misoppfatningar framleis er utbreidde, men at det også finst teikn på positiv utvikling. Det blei registrert nedgang i systematiske teikn på misoppfatning i tre av dei fem misoppfatningane som studien er avgrensa til. Dette var misoppfatning A «Nemnaren representerer antall delar, uavhengig av storleik», misoppfatning B «Jo større nemnar (eller teljar), jo større brøk» og misoppfatning E «Teljar (eller nemnar) er eit isolert tal». Misoppfatning D « differansen mellom teljar og nemnar, avgjer storleiken på brøken» hadde ein større førekomst enn samanlikningsstudien, men verkar framleis lite utbreidd. Misoppfatning C «Brøkstrek er lik desimalkomma» var den mest utbreidde i denne studien, og hadde ei auking samanlikna med Vinje sin studie. Funna tydar på at fleire elevar viser teikn til relasjonell brøkforståing, men at enkelte strukturelle misoppfatningar framleis pregar tenkinga. Dette peikar på eit stadig behov for vidare arbeid med alle aspekt ved brøkforståing.
Publisert i 2025
Les artikkelen her