"Montasje - lag på lag av varetid", ei prosessuell utstilling av eit kunstnarleg utviklingsarbeid
«Montasje – lag på lag av varetid» var ei separat prosessuell utstilling i regi av Galleri Mjøsvågen, på Den Grøne Fabrikken sumaren 2020. Målet var å synleggjere eit pågåande kunstnerisk utviklingsarbeid kring tema erindring og minnebilete frå eigen barndom. Publikum fekk møte skisser, loggbøker, digitale videoar og arbeid og palettar som endra seg undervegs. Eg var sjølv tilstades under heile visningsperioden, og arbeidde med maleria mellom opningstidene. På opninga fortalte eg om prosjektet, men prøvde elles å kjenne på i kva grad publikum ønska opplevinga åleine eller om dei søkte utfyllande informasjon eller samtale. Publikum kunne blande malinga sjølv eller få demonstrert temperateknikken.
Publisert i 2020
Les artikkelen her