Munnleg samhandling og meiningsskaping: Munnleg forteljing i klasserommet
Munnleg forteljing er munnleg ferdigheit. Og munnleg ferdigheit er ikkje berre munnleg, men også non-verbal og rommar i tillegg både det å formidla, å lytta og å få med seg mottakaren – anten bodskapen er ei forteljing, eller ein teoretisk fundert presentasjon. Korleis skjer samhandlinga mellom forteljar, forteljing og unge tilhøyrarar? Og korleis kan me nytta munnleg forteljing i arbeidet med munnleg ferdigheit i skulen, slik læreplanen krev? Føredraget er basert på eiga forsking frå eit førsteklasserom og eit niandeklasserom, og formidlar funn og reflekterar over den munnlege forteljinga, og munnleg ferdigheit, i klasserommet.
Publisert i Barn og fortellinger – konferanse om muntlig fortelling for barn og unge, 2026
Les artikkelen her