Tekstverdenteori og studentekster. Fagdidaktiske refleksjoner over eksamenssvar på Norsk 1 i grunnskolelærarutdanningen
Title: Når studentane stryk i hopetal: fagdidaktiske refleksjonar over eksamenssvar på Norsk 1 i grunnskulelærarutdanninga
Samandrag: Innlegget er resultat frå ein pilotstudie innanfor eit større prosjekt med analyse av studenttekstar i lærarutdannninga. Eg viser i innlegget korleis eksamenssvar kan analyserast for å avdekke korleis studentar har arbeidd med å lære seg grammatikk og metaspråk for språklege fenomen. Datagrunnlaget kjem frå to kjelder: a) frå ein førstesemesters eksamen i eit Norsk 1-emne på grunnskulelærarutdanninga der strykprosenten var svært høg, og b) frå fokuserte personintervju og gruppesamtaler med denne studentgruppa. I ei nærlesing av eksamenssvara peikar eg på korleis nokre studentar tilsynelatande kan nok lingvistikk til å klare ein morfologisk analyse av ord og ein funksjonsanalyse av enkle setningar, men sviktar når dei skal analysere meir komplekse strukturar. Svara røper ei mangelfull forståing av grunnlaget for funksjonsanalyse, og manglande ferdigheiter i både å lese oppgåver og å skrive klare svar. Eg set dette i samanheng med læringsstrategiar basert på pugging meir enn forsøk på å forstå stoffet, og viser kor viktig det er å gå djupt nok inn i eit læringsstoff. Intervjustoffet får fram korleis studentane kan ha andre strategiar i arbeidet med eksamen, t.d. ut frå ei oppgitt vekting av oppgåvene i oppgåvesettet, og korleis dette innverkar på resultatet for studentane.
Den teoretiske inngangen i materialet er basert på tekstverdteori (Berge, 2023; Haugen, 2023) og på sosiokulturell læringsteori meir generelt. Målet for studien er å finne fram til didaktiske metodar som kan gi betre læring for lærarstudentane. Korleis kan vi som faglærarar føre dei i retning av gode læringstrategiar for grammatikk og andre tema? Kva overføringsverdi har slike strategiar? Kva kan studentane sjølv lære av å stryke på eksamen så tidleg i studieløpet sitt?
Litteratur:
Berge, K. L. (2023). Skriving og skriveundervisning: skriving som grunnleggende ferdighet. In K. Kverndokken & J. O. Bakke (Eds.), 101 skrivegrep - en teoretisk og praktisk skrivedidaktikk (pp. 17-42). Fagbokforlaget | Landslaget for norskundervisning.
Haugen, T. A. (2023). Tekstverdener i elevtekst. In L. I. Aa & O. Harstad (Eds.), Elevtekstanalyse. Nye tilnærminger (pp. 31-50). Universitetsforlaget.

Publisert i NoFaX -Nordisk konferanse for fagdidaktikk 10, 2025
Les artikkelen her